Hopp til innhold

Amnesty: – No blir Badawi piska igjen

Amnesty fryktar at den saudiarabiske menneskerettsaktivisten Raif Badawi skal piskast igjen fredag. Han er dømd til 1000 piskeslag for å ha kravd ytringsfridom i det strengt muslimske landet.

Ulovleg amatørvideo av piskinga.

VIDEO: Her blir aktivisten piska offentleg.

Amnesty Internationals avdeling i Noreg varslar ein ny demonstrasjon utanfor den saudiarabiske ambassaden førstkomande fredag føremiddag. Organisasjonen har tenkt å halde trykket mot Saudi-Arabia oppe i denne saka.

Raif Badawi blir piska i Riyadh.

Dette biletet viser Raif Badawi bli piska på eit torg i Riyadh. Biletet er teke frå ein ulovleg oppteken amatørvideo.

Badawi skal få 50 piskeslag kvar gong, slik at piskinga ikkje skal ta livet av han, og han fekk første runde 9. januar. Fredagen etter, 16. januar, var han så dårleg etter dei første 50 piskeslaga at det ikkje var forsvarleg å gi han ein ny runde. Dermed fekk han eit lite opphald sist fredag.

Sterke internasjonale reaksjonar

Videoen i denne saka viser piskinga av Raif Badawi 9. januar. Videoen er filma med eit mobilkamera, stikk i strid med saudiarabisk lov. Piskinga gjekk føre seg på eit torg i hovudstaden Riyadh, og det var fleire hundre tilskodarar.

Etter sterke internasjonale reaksjonar, blant anna frå Amnesty, gjekk styresmaktene i Saudi-Arabia med på at Raif Badawi skal få saka si opp i rettsstellet på nytt. Men det verkar ikkje som om det fører til at dei droppar piskinga.

Raif Badawi vart arrestert i 2012 etter å ha oppretta nettsida «Sett saudiske liberale fri». Han vart tiltalt for fleire lovbrot, blant anna ulydnad mot sin eigen far og krenking av islam. Påtalemakta meinte også at han hadde gjort seg skuldig i fråfall frå islam.

Badawi saman med dei tre døtrene sine.

Raif Badawi saman med dei tre døtrene sine. No er kona og døtrene i Canada, medan Badawi er i fengsel heime i Saudi-Arabia.

Foto: EVN

Risikerte dødsstraff

John Peder Egenæs

Generalsekretær i Amnesty i Noreg, John Peder Egenæs, varslar ny demonstrasjon utanfor Saudi Arabias ambassaden fredag.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Hadde han vorte funnen skuldig i det siste tiltalepunktet, ville han automatisk fått dødsstraff. I staden vart han altså dømd til 1000 piskeslag, ti års fengsel og ei bot tilsvarande to millionar kroner .

Det har vekt sterke reaksjonar at fleire representantar for den saudiske regjeringa deltok i den store demonstrasjonen til støtte for ytringsfridom i Paris etter terrorangrepet mot satiremagasinet «Charlie Hebdo».

Generalsekretær John Peder Egenæs sa då at det å piske ein som vil ha meir ytringsfridom, representerer den same tankegangen som dei som gjekk til angrep mot «Charlie Hebdo».

Kone og born i Canada

Kona og dei tre borna til Raif Badawi bur i eksil i Canada. Du kan sjå og lese intervju med kona hans her: – Dette er smertefullt for heile familien

Amnesty og fleire politikarar var blant dei rundt 70 som demonstrerte utanfor den saudiarabiske ambassaden i Oslo. Amnesty varslar ny demonstrasjon utanfor ambassaden også komande fredag.

Demonstrasjon for Raif Badawi

Rundt 70 demonstrerte til støtte for Raif Badawi utanfor den saudiarabiske ambassaden i Oslo sist fredag.

Foto: Øystein Windstad

- Vi regisserte ikke bråket

SISTE NYTT

Siste nytt