Petter Eide kritiserer russiske styresmakter for å ikkje å vere opne om det som skjer i utbrytarrepublikken i Kaukasus. Førsteprioritet for Amnesty er å leggje press på styresmaktene i Moskva for å få opnare forhold om kring Tsjetsjenia-problemet.
Eide trur at om styresmaktene er meir opne, så vil det mobilisere russiske organisasjonar til å ta opp til dømes Tsjetsjenia-konflikten.
Petter Eide er leiar for Amnesty i Noreg.
I dag startar Amnesty International ein aksjon for forbetring av menneskerettane i Russland. Petter Eide deltek under lanseringa i Moskva.
- Kampanjen har vore førebudd i lang tid, men dei siste hendingane gjer at menneskerettsproblema i Tsjetsjenia nok vil få spesiell merksemd, seier informasjonsleiar I Amnesty, John Peder Egenæs.
Amnesty kjem også til å møte president Vladimir Putin med kritiske parolar når han kjem på offisiell vitjing til Noreg i november. Han seier at Amnesty vil setgje spesielt fokus på Tsjetsjenia under Putin sitt opphald.