Hopp til innhold

Amerikanske medium kan bli nekta tilgang til det russiske parlamentet

Russiske politikarar skal diskutere eit forslag om å nekte amerikanske jorunalistar tilgang til det russiske underhuset, ifølgje nyheitsbyrået RIA.

Russiske parlament

UTESTENGING: Frå neste veka kan amerikanske journalistar bli nekta tilgang til det russiske underhuset.

Foto: Sergei Karpukhin / Reuters

Dersom forslaget vert vedteke, kan opp til 20 amerikanske medium bli nekta tilgang til underhuset i parlamentet, melder det russiske nyheitsbyrået RIA.

– Det er eit forbod som gjelder journalistar som representerer alle amerikanske medium, seier Olga Savastyanova, ifølgje Reuters.

Savastyanova representerer partiet Foreint Russland, som har eit fleirtal av seta i kammeret. Ho ventar at forbodet vert vedteke neste veke.

Om dette vert tilfelle, får ikkje amerikanske journalistar lenger lov til å rapportere inne frå det russiske parlamentet. Ifølgje nyheitsbyrået skal også regionale parlament bli bedne om å nekte amerikanske medium tilgang.

Mediekrig

Forslaget om restriksjonar er ein reaksjon på korleis russiske medium har blitt behandla i USA, skal Savastyanova ha sagt til RIA.

Amerikanske styresmakter har kome med krav om at den engelskspråklege og Kreml-finansierte TV-kanalen Russia Today må bli registrert som ein «utanlandsk agent».

Onsdag denne veka skal RT ha publisert eit brev dei har fått, med beskjed om at dei som ein utanlandsk agent mistar presserettane sine. Det betyr at reporterane frå RT ikkje lenger har like god tilgang til Kongressen som andre medium.

Russland meiner at dette er eit brot på pressefridomen, og har gjort det klart at dei vil svare med same mynt.

I midten av november godkjende det russiske underhuset ei lovendring som inneber at utanlandske medium i Russland må registrere seg som «utanlandske agentar».

Russia Today er den same kanalen som amerikanske styresmakter meiner har blanda seg inn i amerikansk politikk. Dei er skulda for å ha delteke i ein omfattande russisk kampanje for å påverke det amerikanske presidentvalet i fjor. Motivet skal ha vore å hjelpe Donald Trump og undergrave valkampen til Hillary Clinton.

SISTE NYTT

Siste nytt