Hopp til innhold

Amerikanske flyselskap truar med å setje fly på bakken dersom 5G-nettet blir innført

Toppleiarane i dei største flyselskapa i USA seier 5G-teknologien må avgrensast nær flyplassane for å unngå store problem. 5G-nettet skal lanserast onsdag.

Nq81Uaumh5c

Toppleiarane i dei største flyselskapa i USA åtvarar før 5G-nettet blir teke i bruk. Dei meiner teknologien må avgrensast i nærleiken av flyplassar for å unngå store problem. Nettet skal etter planen setjast i drift allereie onsdag.

Foto: Michael Perez / AP

Det kan bli «katastrofale forstyrringar» for både reising og transport av varer, dersom teleselskapa tek i bruk 5G-teknologien onsdag, som planlagt, heiter det i eit brev som er sendt til mellom andre transportminister Pete Buttigieg.

Teleselskapa Verizon og AT&T har allereie utsett lanseringa av 5G-tenesta to gonger etter protestar frå flyselskap og flyprodusentar.

Dei er redde for at 5G-nettet skal forstyrre radarane som viser kor høgt flyet er over bakken. Dersom dette stemmer, vil ikkje flya kunne lande når sikten er dårleg. Teleselskapa avviser dette, og viser til omfattande testing i mange land.

Hkd3oBlmY3w

Delta Air Lines er eitt av selskapa som står bak brevet til transportminister Pete Buttigieg.

Foto: Charlie Riedel / AP

– Økonomisk katastrofe

5G er femte generasjons mobilnett, som no blir introdusert i stadig fleire land. Det er eit raskare nettsamband enn 4G-nettet.

Leiarane ber om at 5G ikkje blir innført innanfor ein radius på godt og vel 3 kilometer frå rullebanar på flyplassane i USA. Brevet er underteikna av toppsjefane i dei største amerikanske flyselskapa: American, United, Delta og Southwest.

I brevet seier dei at det kan bli «økonomisk katastrofe» dersom nettet blir teke i bruk før det er gjort nødvendige oppdateringar og endringar av utstyr.

– For å seie det rett ut: Handelen i nasjonen vil stoppe opp, heiter det i brevet, som også er signert av fraktselskapa FedEx og UPs.

– Ikkje opplevd problem i Noreg

Seksjonssjef Henning Tennes for Flyplass og flysikring i Luftfartstilsynet opplyser til NTB at dei ikkje har opplevd slike problem i Noreg.

– Vi har ikkje opplevd liknande problem i Noreg, men vi er kjende med problematikken i USA. Luftfartstilsynet følgjer opp dette temaet her i Noreg kontinuerleg, og det er utført ein test ved ei norsk lufthamn. Den gav ikkje negative utslag, seier han.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nkom, har ansvar for å tildele frekvensområde til brukarane, og bestemmer krav til bruk, bruksområde og utstyr.

Ikkje sett noko som uroar

Dei har følgt denne problemstillinga dei siste åra, og har ikkje sett noko som uroar dei. Dei norske operatørane Telenor og Telia har fått tildelt frekvensområde som er innanfor dei områda som amerikanarane meiner er problematiske.

Vi kan ikkje garantere at det ikkje vil oppstå forstyrringar, men så langt har vi ikkje sett noko til dette, seier avdelingsdirektør John-Eivind Velure til NRK.

Velure

Avdelingsdirektør John-Eivind Velure i Nkom.

Foto: Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

I Frankrike er det krav om at styrken på 5G-basestasjonane nær flyplassane skal vere redusert, og at antennene blir vendt delvis ned mot bakken. Dette for å gjere faren for forstyrringar minst mogeleg.

Vi er klar over kva tiltak dei har gjennomført i Frankrike, og dersom det viser seg å vere behov for dette, så er det noko vi vil setje fram krav om.

Det er europeiske retningslinjer for bruk av 5G, og Noreg følgjer desse. Når det gjeld mogelege problem for luftfarten, så er dette er noko som blir følgt opp av The European Union Aviation Safety Agency (EASA).

Vi gjer det same som nabolanda våre. Vi ønskjer ikkje å vere meir restriktive enn nødvendig, og dette har vi ikkje sett som nødvendig, seier Velur.

Han fordel at Nkom skal ha møte med Luftfartstilsynet torsdag. Der blir dette eitt av fleire tema.

67fSwcor5Js

5G-nettet blir introdusert i stadig fleire land.

Foto: JOSEP LAGO / AFP

Blir teke i bruk onsdag

Det amerikanske luftfartstilsynet, FAA, sa søndag at enkelte transponderar trygt kan brukast i område der 5G er introdusert. 48 av dei 88 flyplassane som er mest utsette for forstyrringar på grunn av 5G, er godkjende.

Flyselskapa fryktar at attverande avgrensingar på dei flyplassane, kombinert med at store mengder utstyr ikkje er godkjent, kan føre til ei krise. Tusenvis av fly kan bli sette på bakken, meiner dei.

Verizon og AT&T vann anbodsrunden for å få drive 5G i frekvensen mellom 3,7 og 3,98 GHz, og innføringa skulle etter planen starte 5. desember. Om det ikkje blir blokkert av føderale styresmakter, eller teleselskapa blir samde med flyselskapa om ein avtale, blir nettet skrudd på i heile USA onsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt