Hopp til innhold

Amerikansk rapport: 19-åringar like stillesitjande som 60-åringar

Svært mange tenåringar bevegar seg altfor lite, og eit urovekkande tal 19-åringar er like stillesitjande som 60-åringar, viser ei fersk amerikansk undersøking.

Overvekt i USA.

Amerikanske forskarar er uroa over manglande fysisk aktivitet blant amerikanske tenåringar.

Foto: Justin Sullivan / AFP

Studien er utført av Johns Hopkins Bloomberg School of Public Health. Det kjem fram at born og unge er langt mindre fysisk aktive enn ein tidlegare har rekna med, og at det er heilt naudsynt å auke aktiviteten.

Forskarane har undersøkt fem ulike aldersgrupper og deira fysiske aktivitet. Det er born i alderen 6–11 år, tenåringar 12–19 år, unge vaksne 20–29 år, middelaldrande 31–59 år og eldre 60–84 år, ifølgje nettsidene til John Hopkins Bloomberg School of Public Health

Oppfyller ikkje WHO-mål

Dei 12.529 deltakarane i undersøkingar vart utstyrte med eit apparat som målte den fysiske aktiviteten deira sju dagar på rad. Apparatet målte den fysiske aktiviteten gjennom heile døgnet, og den aktiviteten vart delt inn i tre grupper. Ingen fysisk aktivitet, lett fysisk aktivitet og fysisk aktivitet med moderat til hard intensitet.

Det går fram av undersøkinga at urovekkande mange unge ikkje oppfyller Verdas helseorganisasjon si tilråding for aldersgruppa 5–17 år om minst ein time for dag med moderat til hard fysisk aktivitet.

Dette gjeld over 25 prosent av gutane og heile 50 prosent av jentene. I gruppa 12–19 år var det halvparten av gutane som ikkje møtte krava frå WHO, medan det gjaldt 75 prosent av jentene.

Unge vaksne best ut

Ansvarleg for undersøkinga, Vadim Zipunnikov, seier til Medical News at han er spesielt uroa over at mange 19-åringar er like lite fysisk aktive som 60-åringar.

Det er berre deltakarane i alderen 20–35 år som kan vise til ein auke i den fysiske aktiviteten, i forhold til tala frå liknande undersøkingar i 2003–2004 og 2005–2006. Etter fylte 35 år går aktiviteten ned, og nedgangen held fram heilt fram til alderdomen.

Menn er meir fysisk aktive enn kvinner i dei fleste aldersgruppene, men etter fylte 60 er menn mindre fysisk aktive enn kvinner på same alder.

Undersøkingane vart sette i verk fordi forskarar har mistanke om at overvekt-epidemien blant bar og unge i USA har samanheng med manglande fysisk aktivitet. Tidlegare undersøkingar har vist at to tredelar av vaksne i USA veg for mykje, og at over 25 millionar born er overvektige.

Enkel trening gir god effekt for eldre

Fysisk aktivitet og helse

Overvekt

Vadim Zipunnikov seier at dei no er mindre opptekne av at den fysiske aktiviteten treng å vere så hard.

– All fysisk aktivitet er bra, også den lette, seier han.

Ei gruppe forskarar ved Idrettshøgskulen i Oslo gjorde ei liknande undersøking i 1999, 2005 og 2011. Då vart det registrert ein auke i den fysiske aktiviteten frå 1999 til 2005, og at dette nivået heldt seg til 2011.

Dei norske forskarane meiner det er grunnlag for å seie at det er ein samanheng mellom manglande fysisk aktivitet og overvekt.

Kroppsideal – spiseforstyrrelser

Her kan du sammenligne formen din med en toppidrettsutøver

SISTE NYTT

Siste nytt