Hopp til innhold

Amerikansk helikoptervrak funne i Nepal

Eit amerikansk helikopter som har gitt naudhjelp i Nepal er funne styrta etter å ha vore sakna sidan tysdag. Tre omkomne er funne nær helikopteret.

APTOPIX Nepal Earthquake

Fleire helikopter har delteke i leitinga etter det sakna marinehelikopteret.

Foto: Niranjan Shrestha / Ap

Nepals forsvarsminister seier til nyheitsbyrået AP at det er funne tre omkomne nær helikopteret. Totalt skal det ha vore åtte menneske om bord i helikopteret då det styrta.

– Me har sett vraket frå lufta, og prøver no å lande i området for å få meir informasjon, sa generalmajor Binoj Basnet til nyheitsbyrået AFP tidlegare i dag, då det var kjent at helikopteret var funne.

NEPAL-US-QUAKE

Det er eit helikopter av denne typen som er funne styrta i Nepal.

Foto: CPL. THOR LARSON / Afp

Funne nær den kinesiske grensa

Marinehelikopteret, av typen UH-1 Huey, hadde seks amerikanske marinesoldatar og to nepalske medhjelparar om bord då det vart meldt sakna tysdag kveld.

Helikopteret er funne nær grensa til Kina, der det skulle hjelpe til i hjelpearbeidet etter jordskjelva som har råka Nepal dei siste vekene.

Nepalske, amerikanske og indiske militære har delteke i leitinga etter helikopteret, som både har skjedd frå lufta og langs bakken.

– Har forstyrra hjelpearbeidet

Nepalske styresmakter har vore uroa for leiteaksjonen etter helikopteret fordi det forstyrrar hjelpearbeidet etter jordskjelvkatastrofen som har råka landet.

– Arbeidet med å distribuere hjelp og frakte skadde til sjukehus vert forsinka på grunn av dette, har regjeringstalsmann Lexmi Prasad Dahal sagt til nyheitsbyrået Reuters.

Hjelpehelikopter i området har veksla på å levere hjelp og leite etter det sakna helikopteret.

Meir enn 8.000 menneske omkom i skjelvet den 25. april, medan nye 80 menneske mista livet i eit nytt skjelv tysdag denne veka.

SISTE NYTT

Siste nytt