NRK Meny
Normal

Amerikansk gull til dronning Sonja

NEW YORK (NRK): Nær 70 år etter at svigermor hennar fekk den aller fyrste æresprisen frå det skandinaviske miljøet i USA, var det i natt dronning Sonjas tur. – Ei stor ære, seier dronninga.

Dronning Sonja

Dronning Sonja tok imot Gold Medal frå American-Scandinavian Foundation under Prisutdeling og gallamiddagen på The Pierre Hotel i New York

Foto: Höök, Pontus / NTB scanpix

Dronning Sonja og Anders Fogh Rasmussen

American-Scandinavian Foundation delte ut Gold Medal til H.M. Dronning Sonja og Anders Fogh Rasmussen.

Foto: Höök, Pontus / NTB scanpix

Det er den største heideren det skandinaviske miljøet i USA gir. Gullmedalje og diplom delt ut på den storslåtte vårgallaen i New York.

Velståande amerikanarar med røter i Norden hadde funne fram diamantar og pels i går kveld for å heidre dronning Sonja og tidlegare Nato-sjef Anders Fogh Rasmussen.

Norden og USA

Dei får prisen for sin eineståande innsats for å styrke banda mellom Norden og USA, seier direktør i American Scandinavian Foundation, Ed Gallagher til NRK. Dronning Sonja får prisen for sitt arbeid for å fremje kunst og kultur, Fogh Rasmussen for sin innsats både som statsminister i Danmark og seinare som generalsekretær i Nato.

Svigermor fyrste vinnar

American Scandinavian Foundation si høgste utmerking vart delt ut for fyrste gang i 1946 til kronprinsesse Märtha. Ho blei æra for sin innsats under krigen. I natt følgde dronning Sonja i svigermor sine spor.

Dette er ei stor ære. Eg må vedgå at eg ikkje visste at svigermor fekk den fyrste æresprisen, sa dronning Sonja i takketalen.

Dronning Sonja fikk The American-Scandinavian Foundations ærespris i New York.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt