Fleire amerikanarar villige til å leve med terrortrugsel

Etter 11. september-åtaket i 2001 var tre av fire amerikanarar villige til å ofre personleg fridom i krigen mot terror. Rett etter Boston-bombene er fleirtalet i mot det.

Demonstrasjon mot terrorlovgiving

Fleirtalet i USA meiner styresmaktene har gjort nok. Her frå ein demonstrasjon mot ny terrorlovgiving utanfor ein rettssal i USA i februar i år.

Foto: NTB Scanpix

  • Fryktar amerikanske terroristar dobbelt så mykje som islamistar
  • Liten frykt for at terror skal skje der folk bur
  • Demokratar mest for å gi slepp på personleg fridom

Meiningsmålingar etter terroråtaket mot Boston Marathon viser at dei fleste amerikanarar er overtydd om at det vil skje nye terroråtak. Men dei kjenner seg ikkje personleg truga av terror, og dei fleste er no skeptiske til å ofre meir personleg fridom for at staten skal kjempe mot terrorisme.

Undersøkinga som er utført av Fox News kan du lese her.

71 prosent svarte rett etter terroråtaket mot tvillingtårna 11. september 2001 at dei var villige til å gi slepp på personleg fridom for å redusere terrortrugselen. Dette talet har halde seg godt over 60 prosent fram til 2006, då den siste undersøkinga før no vart gjennomført.

Utført rett etter Boston-terroren

Den nye undersøkinga vart gjort i april, berre dagar etter terroråtaket mot Boston Marathon, der tre mista livet og over 200 vart såra. Her kjem det fram at fleirtalet er i mot å ofre fridomar for redusert terrortrugsel. Undersøkinga vart utført berre dagar etter det nye terroråtaket, altså ikkje i ein normal situasjon. 42 prosent svarar at dei er villige til å ofre fleire fridommar for terrorkampen, medan 45 prosent er i mot.

Dette kan tyde på at amerikanarar er på veg til å forsone seg med terrortrugsel i landet.

Spørreundersøking
Foto: Fox News

Fox News har også delt tala inn i politisk tilknyting. Demokratar er mest opne for å gi slepp på rettane sine, der 51 prosent svarar dette. Republikanarar er meir skeptiske med 47 prosent, medan berre 27 prosent av dei som definerer seg som uavhengige er for meir statleg inngripen i borgarrettar.

Storavisa Washington Post har publisert ei tilsvarande undersøking, der dei stiller spørsmålet «Kva er du mest bekymra for, at styresmaktene ikkje vil gå for langt i å etterforske terrorisme på grunn av omsyn til Grunnlova, eller at dei vil gå for langt i å gi slepp på grunnlovsrettar for å etterforske terror?»

Også her svarte fleirtalet, 48 prosent, at dei frykta at styresmaktene ville gå for langt, mot 41 prosent som meinte det motsette.

Omfattande endringar

Kva årsaka er til at amerikanarane har snudd i dette spørsmålet er det inga fullgod forklaring på. Men i løpet av dei siste 12 åra har det skjedd omfattande endringar i det amerikanske samfunnet på det som går på borgarrettar, individuell fridom og overvaking.

Den største inngripen kom utvilsamt med innføringa av Patriot Act i 2002. Denne lova sto for ein omfattande fjerning av restriksjonar politiet og etterretninga hadde i høve til å overvake amerikanske innbyggjarar. Ho gav også finansdepartementet større autoritet til å regulere finanstransaksjonar, og ekspanderte terrorismeomgrepet til å også omfatte terrorplanlegging gjort av amerikanske innbyggjarar.

Lova er svært komplisert og omfattande, med heile 158 paragrafar. Trass i at den vart vedteke av eit stort fleirtal i Kongressen har den i ettertid hausta mykje kritikk, til dømes for måten politistyresmaktene kan overvake folk. Det har til dømes blitt avdekka at amerikanske soldatar i Irak og Afghanistan har blitt telefonavlytta då dei har ringt heim til familiane sine i USA.

Nye innskrenkingar

Men det har ikkje stoppa etter at George W. Bush gjekk av som president. Barack Obama signerte ei anna kontroversiell lov i jula 2011, som gjekk endå lenger enn Patriot Act. Lova «The National Defense Authorization Act» gjer at amerikanske styresmakter får myndigheit til å fengsle amerikanarar i militære anstaltar på ubestemt tid utan å måtte gå via rettssalen.

Obama var også i hardt vêr i mars i år etter at administrasjonen ikkje ville avvise å nytte dronar mot amerikanske borgarar.

Dei fleste som har reist i USA har også merka skjerpingane ved tryggingskontrollen når dei skal ut og fly. Rundt 45.000 tryggingsvakter er no i sving i Transportation Security Administration, som vart oppretta i 2001. Omfattande baggasjesjekk og kroppsskanning har blitt ein del av kvardagen amerikanarane no må leve med.

SISTE NYTT

Siste nytt