Hopp til innhold

Amerikanarar delte fysikkprisen

John Mather og George Smoot deler Nobels fysikkpris 2006 for arbeidet med Big Bang-teorien om universet sitt opphav.

Göran Hansson er leiar for Nobelkomiteen i Det svenske vitskapsakademiet.
Foto: LEIF R JANSSON / AFP

Prisen er i år på 1,37 millionar dollar, cirka 8,9 millionar norske kroner.

Det svenske vitskapsakadmiet seier dei to får prisen for suksessen med satellittprogrammet COBE som vart sett i gang av NASA i 1989.

 

Dette arbeidet har gitt ny innsikt i kva som skjedde då universet vårt vart til.

- Målingar som er utførde av satellittar har gitt kunnskap om alderen på universet, galaksar og stjerner ved å rekne ut temperaturen på kosmisk mirobølgje-bakgrunnsstråling frå den tidlegare fasen av universet, heiter det i grunngjevinga frå det svenske vitskapsakademiet.

John Mather arbeider  ved NASA sitt Goddard Space Flight Center i Maryland. George Smoot har sitt daglege virke ved Universitetet i California Berkeley.