Hopp til innhold

Amerikanar drepen på forboden øy i India

Då ein 27 år gamal amerikanar gjekk i land på ei isolert øy vart han drepen. Målet til amerikanaren skal ha vore å drive misjon blant dei få øybebuarane.

North Sentinel Island

Nord-Sentinel er ei lita isolert øy, der bebuarane er særs fiendtlege mot alle som har forsøkt å nærme seg. Ein amerikanar som lokale styresmakter kallar misjonær vart drepen då han forsøkte å ta seg dit i helga.

Foto: Gautam Singh / AP

Nord-Sentinel er ei øy utanfor India kor det er ulovleg å gå i land. Likevel var dette målet til amerikanske John Allen Chau, som av fleire vert kalla ein misjonær. Han skal ha møtt mykje motstand blant folk på øya då han på fredag gjekk i land for første gong.

India American Killed

Dette biletet er frå oktober då John Allen Chau, til høgre, besøkte eit fotballprosjekt i Sør-Afrika. Til venstre er fotballprosjektets grunnleggjar, Casey Prince.

Foto: Sarah Prince / AP

Skoten på med pil

Den lokale politidirektøren for Andaman og Nicobar-øyene, Dependra Pathak, fortel at det er brukt ein liten trebåt med båtmotor for å komme seg ut til øya.

– Båten stoppa 5–700 meter frå øya og den amerikanske misjonæren brukte kanoen for å nå kysten. Han kom tilbake seinare same dag med skader etter piler, fortel politidirektøren til CNN, som fortset:

– Dagen etter, den 16. november, øydela dei kanoen hans. Så han kom svømmande tilbake til følgebåten. Den 17. november kom han ikkje tilbake i det heile tatt. Fiskarar fortel at dei seinare såg stammefolk dra rundt på liket hans.

Eit av dei siste bileta på Chaus opne Instagramprofil er frå området sør for India:

– Kraftig nedgang i innbyggjartal

Politidirektøren held fast på at amerikanaren var misjonær, sjølv om han var i landet på turistvisum. Chau skal ha forsøkt å gje lokalbefolkninga små gåver som fotball, saks og fiskesnøre, fortel politidirektøren til New York Times.

Primrose

Vraket av skipet Primrose fortel om siste direkte kontakten mellom bebuarane på Nord-Sentinel og omverda. Det indiske skipet stranda her i 1981. Dei kom seg ikkje inn til land på grunn av høg sjø, men etter nokre dagar kom folk i kanoar ut mot skipet. Det var ikkje redningsmenn, med væpna folk som ville drepe folka på skipet. Etter fleire dagar vart mannskapet til slutt evakuerte med helikopter.

Foto: Google Maps

– Det var eit malplassert eventyr. Han visste godt at det var forbode, seier politidirektøren til avisa.

Innbyggjartalet på Nord-Sentinel har sokke mykje dei siste åra, og siste oppteljing i 2011 viste at det berre var rundt 15 menneske igjen på øya. Ti år før skal det ha blitt estimert rundt 39 innbyggjarar.

Nord-Sentinel

– Eit kall

Ein skotte fortel til Daily Mail at han tilfeldigvis møtte Chau på eit fly i 2015, og at dei då snakka om misjon på den indiske øya.

– Eg hadde høyrt om desse øyene og visste kor farlege dei var, så eg vart overraska. Han anerkjente faren ved å reise dit, men eg trur han hadde eit eller anna kall. Dette var noko han jobba mot i tre år, og har var fast bestemt på å reise dit. I hans auge hjelpte han desse menneska, fortel Neil Macleod til den britiske avisa.

Dei to skal ha sendt e-postar med kvarandre i tida etter flyturen, og skotten fortel at Chau jobba over lengre tid med å skaffe seg kontaktar på nærliggande øyer.

Instagram-profilen til Chau ligg fleire bilete frå India, men også frå ei lengre rekke andre stader i verda amerikanaren har besøkt.

Fiendtlege folk

Nord-Sentinel er ein del av dei indiske øygruppene Andamanane og Nikobarane, og ligg i Bengalbukta sør for Myanmar. Lokale styresmakter forsøker å følge med på øya, slik at ingen går i land ulovleg, men elles gjer ikkje India noko med øya der det altså bur nokre få menneske tilhøyrande nokre få isolerte stammer.

Lokalbefolkninga har i lang tid motsett seg kontakt med omverda, noko som i stor grad vert respektert. Besøk utanfrå kan også føre til spreiing av sjukdommar befolkninga ikkje toler.

INDIA-USA/MURDER

Eit helikopter tok turen til øya etter tsunamien i 2004 for å sjå om folk på øya var ramma. Dei vart møtt av ein bebuar som sikta på dei med pil og bue. Forsøk på å gje naudhjelp måtte avbrytast etter angrep med pil og boge.

Foto: Handout / Reuters

Folketeljing har skjedd på avstand, og sosialantropologar som har forsøkt å nærme seg øya har blitt møtt med trugslar og tydeleg teikn på at bebuarane ikkje ønskjer besøk utanfrå. Framferda skil seg frå andre stammer i området som er meir vennlegsinna og opne for nye menneske.

Det er no opna drapssak etter meldinga om at Chau skal ha blitt drepen, og dei sju menneska som hjelpte han ut til øya er no arresterte.

SISTE NYTT

Siste nytt