NRK Meny
Normal

Amerikanar drepen i Kabul

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein afghanar skaut og drap ein amerikanar og såra ein annan ved eit bygg som tilhøyrer USA sin ambassade i Kabul søndag kveld.

Gjerningsmannen var tilsett ved ambassaden og vart sjølv drepen i åtaket. Amerikanaren som vart såra er ikkje livstrugande skadd.

– CIA-base

Skyteepisoden fann stad i eit bygg nytta av den amerikanske ambassaden i den afghanske hovudstaden Kabul.

Afghansk politi høyrde skytinga, men kunne ikkje gå inn på staden fordi den er kontrollert av dei internasjonale styrkane i Afghanistan, opplyste pressetalsmann i det afghanske innanriksdepartementet, Siddiq Siddiqui seint søndag kveld.

Ei anonym, afghansk regjeringskjelde seier at det er den amerikanske etterretningstenesta CIA som har base i bygget.

Motivet for åtaket er førebels ukjent, opplyser ein talsmann for ambassaden.

Taliban-åtak i Kabul varte i 19 timar

Den amerikanske ambassaden i Kabul vart utsett for eit kraftig åtak frå Taliban opprørarar tidlegare denne månaden.

Åtaket, mot både den amerikanske ambassaden og ISAF-hovudkvarteret, vart stoppa av afghanske tryggingsstyrkar og NATO-styrkar etter ein 19 timar lang samanhengande kamp.

USA skuldar den mektige etteretningstenesta i Pakistan, ISI, for å stå bak åtaket den 13.september.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt