Hopp til innhold

Amazonas: Opnar naturreservat på størrelse med Danmark for gruvedrift

Brasil seier ja til gruvedrift i eit stort område som i dag er naturreservat. Området skal ikkje lenger ha status som verna.

BRAZIL-OIL/AMAZON

Her i staten Amapa skal det bli gruvedrift.

Foto: RICARDO MORAES / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Området er 46.000 kvadratkilometer stort og strekkjer seg over dei nordlege delstatane Amapa og Para. Det er truleg store mengder gull og andre mineral i området.

Området er kjent som Renca (Reserva Nacional de Cobre e Associados). Det er større enn Danmark, og 30 prosent av arealet blir no opna for gruvedrift.

BRAZIL-POLITICS/

President Michel Temer har sendt ut eit dekret om at delar av Renca-området skal opnast for gruvedrift.

Foto: ADRIANO MACHADO / Reuters

Det er president Michel Temer som har bestemt å oppheve vernet av området, ifølgje BBC. Styresmaktene seier at skogområde som er varna, og urfolksreservat, ikkje vil bli påverka. Men aktivistar er uroa, og fryktar at området kjem til å bli svært skadelidande.

«Angrep mot Amazonas»

Departementet med ansvar for gruvedrift og energi seier i ei fråsegn at formålet er å gjere området attraktivt for nye investeringar. Planane skal gjennomførast på ein berekraftig måte, ifølgje departementet.

Senator Randolfe Rodrigues fordømmer planane om gruvedrift, og kallar det «det største angrepet mot Amazonas de siste 50 åra», ifølgje avisa O Globo.

Leiaren for WWF i Brasil, Maurício Voivodic, har tidlegare sagt at gruvedrift i dette området vil føre til «demografisk eksplosjon, avskoging, øydelagde vassressursar og tap av biologisk mangfald». WWF fryktar også at dette vil kunne føre til strid om landområde.

BRAZIL-OIL/AMAZON

WWF fryktar konsekvensane for urfolk som lever i områda der det no skal bli gruvedrift. 65 år gamle Isabel Fortes bur i staten Amapa.

Foto: RICARDO MORAES / Reuters

Ifølgje ein rapport frå WWF er det også fare for konflikt i to urfolksreservat med ulike etniske grupper som lever relativt isolert.

– Eit gullrush i dette området vil kunne føre til uoppretteleg skade i desse kulturane, ifølgje WWF-rapporten.

WWF varslar internasjonale protestar dersom styresmaktene i Brasil gjennomfører planane om gruvedrift utan å ta omsyn til miljøet.

SISTE NYTT

Siste nytt