Hopp til innhold

Amanda Knox minnest romvenninna ti år etter drapet

1. november var det ti år sidan det brutale drapet på den engelske studenten Meredith Kercher i Perugia i Italia. Amanda Knox, som vart dømd og seinare frikjent for drapet, lettar på sløret i ei nettavis i heimbyen Seattle.

Amanda Knox etter den endelege frifinninga i italiensk høgsterett.

Amanda Knox saman med familiemedlemer i Seattle etter at ho vart frifunnen av italiensk høgsterett i mars 2015.

Foto: Jason Redmond / Reuters

I eit kjensleladd innlegg i nettavisa WestSeattle.com skriv Amanda Knox, som ved eitt høve gav seg sjølv tilnamnet Foxy Knoxy, at ho ikkje har fått lov å heidre minnet av venninna tidlegare, på grunn av mistanken om at ho eigentleg var skuldig i å ha teke livet av henne.

«For ti år sidan i kveld vart venninna mi valdteken og drepen av ein innbrotstjuv i husværet vi delte medan vi var utanlandsstudentar i Perugia i Italia», heiter det blant anna i innlegget. Ho fortel blant anna om gode minne ho har om tida deira saman.

– Takksam for minna

Meredith Kercher.

Meredith Kercher vart drepen med 40 knivstikk i Perugia i Italia 1. november 2007.

Foto: Anonymous / AP

«Det mest deprimerande av alt er at Meredith ikkje er her lenger, slik ho hadde fortent. Ho er smertefullt sakna av alle som var glade i henne, og eg er takksam for minna om tida vi hadde saman», skriv ho blant anna.

Det var på morgonen 2. november 2007 at Meredith Kercher vart funnen drepen i husværet ho delte med Amanda Knox. Knox fortalde at ho kom heim til husværet tidleg på morgonen, etter å ha overnatta heime hos kjærasten Raffaele Sollecito.

Dei to vart arresterte fem dagar seinare, mistenkte for å ha delteke i drapet på den britiske studenten. Årsaka var DNA-spor som var funne på drapsvåpenet og i husværet, men funna var omstridde.

Rudy Guede frå Elfenbeinskysten vart dømd for drap og valdtekt og sonar ei fengselsstraff på 16 år. Han har vorte omtalt som både ein ven av Knox og Sollecito og som ein tilfeldig innbrotstjuv.

Amanda Knox, Raffaele Sollecito

Amanda Knox og Raffaele Sollecito fotograferte under ei rettshøyring i Perugia i 2010.

Foto: Alessandra Tarantino / AP

Dømde og frikjende

Amanda Knox og Raffaele Sollecito vart også funne skuldig i drap , og vart dømde til lange fengselsstraffer. I den første dommen konkluderte dommaren med at Kercher vart drepen i samband med ein sex-leik som kom ut av kontroll.

Rudy Hermann Guede

Rudy Guede sonar ei straff på 16 års fengsel for drapet på den britiske studenten Meredith Kercher.

Foto: Pier Paolo Cito / AP

Knox og Sollecito vart frifunnen i ein ankedomstol, og Amanda Knox kunne i 2011 reise tilbake til heimbyen Seattle i USA, der ho framleis bur.

Så i januar 2014 kom saka opp i ein ny domstol i Italia, utan at Knox deltok. Her slo dommaren fast at Amanda Knox truleg hadde stått bak det dødelege knivstikket på Kercher , og både ho og ekskjærasten vart funne skuldige.

Denne gongen gjekk dommaren bort frå teorien om ein sex-leik som kom ut av kontroll, og konkluderte med at drapet skjedde på grunn av usemje om husleigepengar.

Endeleg frikjenning

I mars 2015 vart Knox og Sollecito endeleg frikjende for drapet av italiensk høgsterett .

Familien til Meredith Kercher sa den gongen at dei var sjokkerte over avgjerda til høgsterett. Dei har heile tida vore sikre på at Knox og Sollecito var skuldige.

I innlegget i WestSeattle.com fortel ho også om forferdeleg ho opplevde skuldingane mot seg, om dødstruslane ho framleis får, åra som uskuldig i fengsel, om dei mange urettferdige presseoppslaga og det faktum at Meredith Kerchers død har vorte knytt opp mot namnet hennar.

– «Foxy Knoxy» er misforstått

Ekskjæresten til Amanda Knox anholdt ved grensen

Knox mener kjennelsen er urettferdig

Opphever frikjennelsen av Amanda Knox

SISTE NYTT

Siste nytt