Alvorlege romfartsulukker i USA

Det har vore fleire store ulukker i historia til det amerikanske romprogrammet, og minst 17 astronautar har mist livet.

Romferja Challenger eksploderte like etter start.

Ulukka med romferja «Challenger» i 1986 er ei av ulukkene som har gjort sterkast inntrykk.

Foto: Bruce Weaver / Ap
Bent Tanstad
Journalist

Kilde: Sky News

28. oktober 2014

Rakett eksploderte ved Wallops Island.

Raketten eksploderte i eit eldhav like etter oppskytinga frå Wallops Island.

Foto: - / Afp

Ingen vart skadd då eit ubemanna romfartøy på veg til Den internasjonale romstasjonen ISS med forsyningar, eksploderte nokre få sekund etter oppskyting på Wallops Island i Virginia. Dette var den første ulukka etter at denne delen av romprogrammet vart privatisert .

22. august 2008

NASA måtte sprengje ein ubemanna rakett 27 sekund etter oppskyting, også det på Wallops Island i Virginia. Raketten kom ut av kurs, og NASA sprengde raketten ved hjelp av fjernkontroll for at vrakdelar ikkje skulle lande i bebodde området. Det er ikkje slått fast kvifor raketten kom ut av kurs.

Ulykken med romferga Columbia

Romferja «Columbia» eksploderte i lufta på veg til jorda etter eit besøk på Den internasjonale romstasjonen.

Foto: Dr. Scott Lieberman / AP

1. februar 2003

Mannskapet på romferja Columbia.

Alle dei sju om bord på romferja «Columbia» omkom då romfartøyet eksploderte i lufta i februar 2003.

Foto: NASA / REUTERS

Sju astronautar omkom då romferja «Columbia» eksploderte i lufta på veg tilbake frå eit oppdrag på Den internasjonale romstasjonen. Vrakdelar frå «Columbia» vart spreidde over eit stort område i delstatane Texas og Louisiana.

Etterforskinga viste at den venstre vengja til romferja vart øydelagt under oppskyting, då fugeskum frå ein av drivstofftankane på fartøyet losna. Dette gjorde at gassar frå atmosfæren kunne trengje inn og øydeleggje vengja då romfartøyet nærma seg jorda igjen.

LES OGSÅ: Her går romfergen Columbia i oppløsning

28. januar 1986

Ulukka med romferja «Challenger» var ei av dei store nyheitshendingane på 1980-talet. «Challenger» eksploderte i lufta 73 sekund etter avgang frå Cape Canaveral i Florida. Oppskytinga vart sendt direkte på fjernsyn over heile verda.

Sju menneske omkom, blant dei læraren Christa Mc Auliffe, som var den første læraren i rommet. Astronautane fekk enorm mediemerksemd i tida før oppskytinga, og ulukka vart eit nasjonalt traume i USA.

Mannskapet om bord i romferja Challenger.

Alle sju om bord omkom då romferja «Challenger» eksploderte 73 sekund etter oppskytinga i 1986.

Foto: Ap

Som følgje av ulukka vart det amerikanske romferjeprogrammet vart lagt på is i tre år.

Etterforskinga av ulukka viste at eksplosjonen skuldast at ei tettingspakning i ein av hjelpemotorane på raketten svikta, noko som gjorde at brennande gass lak ut og var årsak til brann.

NASA feirer å ha berget Apollo 13.

Gene Kramz ved NASA-hovudkvarteret feirar med ein sigar etter at mannskapet på Apollo 13 var trygge.

Foto: NASA / AP

13. april 1970

Tom Hanks spelte hovudrolla i filmen om Apollo 13.

Tom Hanks spelte hovudrolla i filmsuksessen om «Apollo 13».

Foto: CHRIS POLK / AP

Ulukka med romskipet «Apollo 13» har fått ein ikonisk plass i USAs moderne historie, ikkje minst fordi det enda godt. «Apollo 13» var på veg til månen då ulukka skjedde, på det som skulle vere USAs tredje bemanna måneferd.

Ein tank med flytande oksygen eksploderte, noko som førte til at romfartøyet miste straumen.

Dei tre astronautane overlevde ved at dei greidde å ta seg inn i månelandingsmodulen i raketten. Etter nokre dramatiske timar fekk dei kontroll over fartøyet slik at dei kunne snu tilbake til jorda.

Hendinga med «Apollo 13» er filmatisert, og med Tom Hanks i hovudrolla vart det ein stor filmsuksess.

LES OGSÅ: Opp- og nedturer med NASA i 50 år

LES OGSÅ: Hvor skal vi etter Mars?

27. januar 1967

Tre astronautar omkom då det braut ut brann under ei prøveoppskyting med «Apollo 1». Dette var midt under det store romkappløpet mellom USA og Sovjetunionen, og ulukka førte til at USA sette ned farta i romprogrammet sitt og gjorde store endringar i tryggingsføreskriftene og i utforminga av romfartøya.

Dei tre astronautane på Apollo 1.

Alle dei tre astronautane på «Apollo 1» miste livet i ulukka i januar 1967.

Foto: AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt