Hopp til innhold

Alvorleg såra i attentat

Presidenten i den russiske delstaten Ingusjetia vart alvorleg såra i eit attentat i dag tidleg.

Junus-Bek Jevkurov fotografert i mai 2009.

Junus-Bek Jevkurov vart alvorleg såra i eit attentat i dag tidleg.

Foto: Ria Novosti / REUTERS

Tre andre vart drepne då bilkolonnen presidenten køyrde i vart ramma av ein kraftig eksplosjon. I tillegg til presidenten vart tre andre såra.

Det var truleg ei bombe som vart utløyst då bilane passerte.

Tre av livvaktene til Junus-Bek Jevkurov (45) vart drepne i angrepet. Den yngre broren hans og fem livvakter vart såra.

- Bandittar

Russlands president Dimitrij Medvedev

Russlands president Dimitrij Medvedev kallar attentatet ei terrorhandling.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP

Russlands president Dimitrij Medvedev vart raskt ute med å fordømme angrepet, som han karakteriserer som ei terrorhandling. Han sa til russisk fjernsyn at det er "bandittar" som står bak.

Ingusjetia er naborepublikken til Tsjetsjenia, og har dei siste åra vore ramma av fleire alvorlege tilfelle av politisk uro. Det er i stor grad radikale islamistiske grupper som kjempar mot det sitjande regimet.

Det er motstridande meldingar om kor alvorleg såra Janus Bek-Jevkurov er. Fleire russiske nyheitsbyrå siterer offisielle kjelder på at han blir operert på eit sjukehus i Nazran, og at det ikkje er umiddelbar fare for livet hans.

Andre meldingar har gått ut på at delstatspresidenten er kritisk såra. Ein anonym lege seier at han blir halden kunstig i live ved hjelp av ein pustemaskin.

Eksplosjonen var så kraftig at vindauge i hus i nærleiken vart blåste ut og murstein fall ut av fleire bygningar. Bomba, som var plassert i ein parkert bil, laga eit to meter djupt krater i vegen.

Militær helt

Jevkurov er ein viktig støttespelar for Dimitrij Medvedev og hans maktapparat i Russland. Han har den høgste militære utmerkinga i den russiske hæren, og han vart internasjonalt kjend før NATO-aksjonen i Kosovo i 1999.

Før NATO-soldatane var på plass okkuperte Jevkurov og hans avdeling med fallskjermsoldatar flyplassen i Kosovo.

Jevkurov vart innsett som president i Ingusjetia av Dimitrij Medvedev i oktober i fjor, etter å ha avsett den upopulære Murat Zyazikov. Zyazikov var skulda for å ha feila i kampen mot korrpupsjon, arbeidsløyse og vald.

Video nsps_upload_2009_6_22_11_8_6_1680.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Den øydelagde bilen til den ingusjetiske presidenten.

Den øydelagde bilen til den ingusjetiske presidenten.

Foto: KAZBEK BASAYEV / AFP

LES OGSÅ: Russisk innenriksminister drept

SISTE NYTT

Siste nytt