NRK Meny
Normal

Perlevener – men djupt ueinige, kjemper om veljarar i Nevada

Mitt Romney og Ron Paul konkurrerer om viktige røyster når republikanarane i Nevada på laurdag skal velje sin presidentkandidat. Men dei to rivalane behandlar kvarandre likevel med ein overraskande stor respekt.

US-137776197 Republican Presidential Candidates Participate In Second Florida Debate

Valet i Nevada på laurdag kjem truleg til å bli prega av to fløyer i det republikanske partiet. Dei tradisjonelle konservative, som støttar Mitt Romney, og liberalistane, som støtter Ron Paul.

Foto: JOE RAEDLE / Afp

Skuldingar og negative reklamekampanjar har hagla i den amerikanske presidentvalkampen så langt. Men to av kandidatane har knapt sagt eit einaste vondt ord om kvarandre, nemleg Mitt Romney og Ron Paul.

Grunnen til den politiske freden er ikkje fordi dei er einige. Tvert i mot så er det eit hav av forskjell mellom dei politiske standpunkta til dei to kandidatane.

Fann tonen i 2008

Dei to kandidatane er dei einaste som også var med i presidentkampen i 2008. Under denne tida skal dei ha blitt gode vener, og ikkje minst har dei potensielle førstedamene, Ann Romney og Carol Paul, funne tonen.

Men det er også politiske årsaker til husfreden, sjølv om dei er djupt ueinige på mange område. Kandidatane behandlar kvarandre med størst mogleg respekt, fordi eit negativt angrep på motstandaren er eit negativt angrep på tilhengjararane. Og det kan skape unødig uro i valkampen.

– Det vil vere svært uklokt av ein kandidat å avvise ei stor veljargruppe, seier ein republikansk rådgjevar i det Republikanske partiet til Washington Post.

Avhengig av kvarandre

Dersom Paul tapar presidentvalet, så handlar denne valkampen like mykje om at tilhengjarane hans får ein fast ving innanfor det republikanske partiet, skriv avisa.

– Ron Paul speler ein svært viktig rolle i prosessen, og bringer mange nye veljarar til det Republikanske partiet og til stemmelokalet. Det er noko ingen i partiet kan ignorere.

Samtidig har Mitt Romney ein stor interesse av at Ron Paul framleis er med i kampen. På denne måten er den republikanske veljerbasen så splitta at han kan vinne nominasjonskampen med eit mindretal av stemmene.

Paul vil ha innflytelse

I august skal republikanarane halde landsmøte. Då kan kandidatar med ein brukbar oppslutning krevje innverknad på den politiske plattforma til partiet.

– Ron Paul ønskjer eit sterk nærvær under landsmøtet. Og Romney, dersom han blir presidentkandidaten, vil la han få det, seier rådgjevaren.

Akkurat kva Paul ønskjer å oppnå utover det å halde ein tale i «primetime» er førebels usikkert. Men det vert spekulert i om Ron Paul vil klare å påverke plattforma til det republikanske partiet. Blant anna ved å krevje meir openheit om korleis den amerikanske sentralbanken, The Federal Reserve, jobbar.

Paul er kjend som ein sterk kritikar av amerikansk monetærpolitikk. Han meiner middelklassen i USA vert øydelagt av inflasjonen som vert skapt av at sentralbanken trykkjer pengar.

Nevada står for tur

I mange av statane som den neste veka skal halde valmøte, er det nettopp Mitt Romney og Ron Paul som blir dei mest sentrale figurane. I delstaten Nevada vann Mitt Romney ein overlegen siger i 2008 med 51 prosent av stemmene. Men andreplassen gjekk til Ron Paul med 14 prosent, trass i at han i 2008 var langt meir ukjend enn han er i dag.

Professor i statsvitskap ved Nevada-Reno-universitetet, Eric Herzik, trur Romney kjem til å vinne også i år, men at Paul vil kome på ein enno sterkare andreplass.

– Nevada har ein sterk liberalistisk veljarbase. Økonomien vår er basert på gambling, drikking og servicebransjen. Dette appellerer til ønsket om individuell fridom og ein avgrensa statsmakt, saker som Ron Paul står for, seier Herzik til Fox News.

Nevada er kanskje den delstaten som er blitt råka hardast av dei økonomiske nedgangstidene. Økonomien i delstaten er i hovudsak driven av byggjeaktivitet og turisme, mykje grunna turistmagneten Las Vegas. Desse sektorane vart sterkt råka som følgje av finanskrisa, og delstaten er no blant dei verste i USA når det gjeld arbeidsløyse, med eit tal på over 12 prosent.

Ein delstat av individualistar

Innbyggjarane i delstaten, godt plassert i «det ville vesten», er prega av ein sterkt individualistisk tradisjon. Her skal ein klare seg mest mogleg sjølv, og sørgje for seg sjølv og sin eigen familie. Dette vil i hovudsak tene Ron Paul, som har ein sterkt liberalistisk bodskap.

– Det er i hovudsak tre distinkte grupper republikanarar i Nevada. Det er klassiske konservative, som støttar Mitt Romney, det er liberalistar, som støttar Ron Paul, og det er mormonarar, seier kommentator John Roberts i Fox News.

Tradisjonelt har Mitt Romney, som sjølv er mormonar, vore storfavoritten hos denne siste gruppa, men dette er også ei gruppe der Ron Paul opplever auka popularitet. Sjølv om gruppa berre utgjer 11 prosent av befolkninga i delstaten, er veljardeltakinga skyhøg.

(artikkelen held fram under biletet)

USA-CAMPAIGN/ Republican presidential candidate Rep. Ron Paul hugs his wife Carol after presenting her with a bouquet of flowers for their 55th wedding anniversary today in Las Vegas

Ron Paul feira denne veka sin 55. bryllaupsdag med kona Carol, og gav ho blomar under eit valkampmøte i Las Vegas.

Foto: RICK WILKING / Reuters

Gingrich slit i Nevada

Det virka ein stund som at Newt Gingrich hadde gode sjansar i Nevada. Han fekk blant anna massiv pengestøtte frå kasinomilliardæren Sheldon Adelson.

Men ifølgje Washington Post står det dårleg til med valkampen til Gingrich i Nevada. Den tidlegare speakeren i Kongressen avlyste plutseleg eit planlagt møte med guvernøren i delstaten. Ingen veit kvifor han avlyste møtet.

– Når du er ein republikansk presidentkandidat og skal gjere valkamp i ein delstat med ein republikansk guvernør, er det vanleg høflegheit å møte han, seier ein anonym rådgjevar til Gingrich, som tydelegvis var oppgjeven over arbeidsgjevaren.

US-VOTE-2012-CAUCUS 138318128

Mitt Romney helsar på ein potensiell veljar i Sparks, Nevada.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

I tillegg står det dårleg til med økonomien til Gingrich-kampanjen, etter at dei satsa massivt i delstatane Sør-Carolina og Florida. Han har difor ikkje hatt høve til å drive ein offensiv kampanje i kasinodelstaten.

Heller ikkje kristenkonservative Rick Santorum er spådd nokon god sjanse i syndens delstat. Sosiale spørsmål er ikkje særleg viktige for veljarane i Nevada, som er den einaste staten i USA der prostitusjon er lovleg, skriv The Atlantic.

Nevada er likevel ein svært uforutsigbar stat. Sjølv om Romney ligg an til å vinne, kan alt skje i ville, ville vesten, når dei laurdag kveld skal velje sin favoritt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt