Hopp til innhold

Alle overlevde dette

Mannskapet på åtte overlevde flykrajsen like ved flyplassen Domodedovo utanfor Moskva.

Flykrasj Russland

Flyet nådde ikkje fram til flyplassen, men alle overlevde flystyrten.

Foto: Vladimir Davydov / Scanpix/Reuters

Flystyrt Russland

Det tok ikkje lang tid før flyet vart funne.

Foto: RU-24 via Reuters TV / Scanpix/Reuters
Flystyrt Russland

Flyet hadde nettopp gått gjennom teknisk kontroll, utan at det vart funne feil. No undersøkjer havarikommisjonen kva som har skjedd.

Foto: Vladimir Davydov / Scanpix/Reuters

– Det vart ei hard landing. Flyet klarte rett og slett ikkje den siste kilometeren fram til landingsstripa, seier ein talsmann for flyplassen Domodedovo til Pravda.ru .

Rett før landing

Flyet frå flyselskapet Avistar var på veg frå Hurghada i Egypt til Moskva med mannskapet på åtte, då det måtte naudlande berre ein kilometer frå flyplassen.

Tupolev-flyet forsvann frå radaren klokka 02.54 og ein stor redningsaksjon vart sett i verk. Flyet vart funne i straks etter.

Alle dei åtte ombord overlevde. Begge pilotane er hardt skadde, men resten av mannskapet fekk mindre alvorlege skader.

Nettopp kontrollert

Det er berre tre dagar sidan flyet vart gjennom ein større teknisk kontroll, utan at noko gale vart oppdaga. No skal havarikommisjonen undersøkje kva som har skjedd.

Den siste tida har den same flytypen vore involvert i fleire naudlandingar, men russiske luftfartsmyndigheiter trur ikkje flykrasjen i natt har samanheng med dei tidlegare hendingane.

Ikkje ut av trafikk

Heller ikkje flyselskapet vurderer å ta denne typen fly ut av trafikk.

– Vi må undersøkje kva som har skjedd. Feilen kan liggje hos flyplassen. Pilotane kan ha gjort feil eller ikkje sett flyplassen på grunn av dårlege vértilhøve, seier ein representant for Avistar.

SISTE NYTT

Siste nytt