Hopp til innhold

Alle auge på Ohio

Under Obama sitt fire år lange presidentskap, har arbeidsløysa i staten Ohio sokke frå nesten 11 prosent til 7 prosent. Medvind i Ohio var avgjerande for vegen til siger – slik det er ved kvart presidentval.

US-140685042 Economic Woes Are Backdrop For Super Tuesday Battle In Ohio

OHIO: Innbyggjarane i vippestaten Ohio er aldri så viktige som når det er presidentval. Her er Hancock Country War Memorial.

Foto: MARIO TAMA / Afp

Under Obama sitt fire år lange presidentskap, har arbeidsløysa i staten Ohio sokke med nesten tre prosent. 7 prosent er mindre enn det nasjonale gjennomsnittet i USA på 8.2 prosent.

Ein dyster trend har snudd i den viktige vippestaten, som alle presidentkandidatar er nøydde å vinne for å ha sjanse til presidentsiger.

LES OGSÅ: – En stor triumf å vinne så klart

Alle auge på Ohio kvart fjerde år

Berre to presidentar har nemleg sidan år 1900 vunne presidentvalet sjølv om dei tapte i Ohio. Det var John F. Kennedy i 1960 og Franklin D. Roosevelt i 1944.

Det må òg seiast at ingen republikanarar har nokon gong vunne presidentvalet utan full støtte frå Ohio.

Difor er alle auge festa på Ohio under kvart presidentval, fordi å vinne Ohio er nesten synonymt med å bli president.

LES OGSÅ: Sterkere enn ventet av Obama

Ohio husar fire prosent av USAs innbyggjarar, som utgjer over 11 millionar menneske, 2.18 millionar av desse er fattige.

Ifølgje valdagsmålingar frå TV-stasjonane CBS og CNN var det nettopp økonomi amerikanarane oppga som sin største motivasjon for å stemme i valet.

Denne grafen frå MSNBC, lagt ut av Rachel Maddow på Twitter, viser korleis arbeidsløysa i Ohio har gått ned under Obama si fireårsperiode som president.

Twittermelding om arbeidsløyse i Ohio
Foto: skjermdump / Twitter

Om det var takksame nytilsette veljarar som var avgjerande for Obama sin siger i staten, er usikkert, men det rår liten tvil om at det er økonomien som har vore det rådande temaet under presidentvalet, og kjem til å vere det i åra som kjem.

Lite republikansk støtte

Til Mitt Romney sinn bakdel, er det også berre 5 prosent som identifiserer seg som mormonar. Mellom anna kan dette indikere at republikanaren hadde lite sjanse til støtte blant befolkninga her – i alle fall på religiøst grunnlag.

Kort tid før det blei klart at Obama hadde vunne i Ohio, kom det meldingar om at Obama sitt forsprang var i ferd med å krympe.

Men staten har igjen vist seg å vere den viktigaste amerikanske staten under verdas viktigaste presidentval, og når sigeren i Ohio var sikra, var Barack Obama sikra fire nye år som president.

SISTE NYTT

Siste nytt