Den nye lova trer i kraft i februar og rettar seg spesielt mot to problemområde på Mallorca: Playa de Palma og Magaluf. Også i byen Sant Antoni de Portmany på vestkysten av Ibiza blir dei nye alkoholreglane innførte.
Turistministeren Iago Nerueguela forklarer at all-inclusive-hotella i desse områda berre kan tilby tre gratis alkoholholdige drikkar.
Det blir òg forbode å tilby «happy hour» og andre tilbod ved barar og restaurantar. Butikkar får dessutan ikkje lov til å selje alkohol mellom klokka 21.30 og 8.00.
Balkonghopp forbode
Det er i tillegg innført forbod mot å hoppe frå balkongar i dei tre populære ferie- og festdestinasjonane.
Dei som bryt lova kan bli kasta ut av hotellet dei bur på, og risikerer bøter på 60.000 euro, nær 600.000 norske kroner.
Hotell og restaurantar risikerer på si side bøter opp mot 600.000 euro for å servere alkohol i strid med det nye regelverket.
LES OG: