NRK Meny
Normal

Alijev sikra seg livslang immunitet

Parlamentet i Aserbajdsjan vedtok i dag med klart fleirtal å gi president Ilham Alijev og kona hans livsvarig immunitet i alle saker som kan bli reist mot dei.

Aserbajdsjans president Ilham Alijev

Aserbajdsjans president Ilham Alijev har sikra seg livslang immunitet.

Foto: DAVID W CERNY / Reuters

Immuniteten gjeld alle forhold dei to måtte han gjort seg skuldig i, medan Alijev har vore ved makta i landet, melder nyheitsbyrået Ap.

Opposisjonen i Aserbajdsjan har lenge skulda presidenten og familien hans for å bruke makta si til å skaffe seg personleg rikdom. Journalistar som har teke slike skuldingar vidare, har opplevd å bli trakasserte av styresmaktene.

Eksil i Moskva

Den første presidenten i den tidlegare sovjetstaten, Ayaz Mutabilov, bur i eksil i Moskva. Han er tiltalt for fleire kriminelle forhold i Aserbajdsjan.

Den nye lova som parlamentet i Baku vedtok i dag, vil også få verknad for andre tidlegare leiarar. Dermed kan det opne for at Mutabilov kan vende tilbake til heimlandet.

Visepresidenten i den aserbajdsjanske nasjonalforsamlinga, Ali Husejinov, seier at lova som vart vedteken i dag, må sjåast på som ein del av den demokratiske utviklinga i landet.

LES OGSÅ: Opposisjonspolitiker vil gjerne ha Eurovision til Baku igjen

LES OGSÅ: Frykter å få husene sine jevnet med jorden

Halvparten av lønna

Den nye lova sikrar Ilham Alijev halvparten av lønna han har i dag i pensjon, og at presidenten og kona hans også skal ha diplomatpass så lenge dei lever. Dei vil også vere sikra livvakter og sjåfør som pensjonistar.

Aserbajdsjan arrangerte Den europeiske songfestivalen (European Song Contest ESC), sist månad. Politi og tryggingsstyrkar slo hardt til mot alle demonstrasjonar og markeringar mot regimet til Alijev, og det var massearrestasjonar i hovudstaden Baku.

LES OGSÅ: – Grand Prix vil gjøre ting bedre

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt