Hopp til innhold

Kranglar om Mor Teresas opphav

Det er enorm interesse for Mor Teresa på Balkan, når ho no blir kåra til helgen av Vatikanet. Men det opnar også opp for etnisk rivalisering om «eigarskapen» til den verdsberømde nonna.

MACEDONIA-VATICAN-RELIGION-TERESA

Statuen av Mor Teresa står no i skuggen av minnesenteret som opna i 2009.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp

Barndomsheimen til Mor Teresa låg i Skopje sentrum. Den vart lagt i grus under jordskjelvet i 1964.

Lenge stod der berre ei lita statue som minna om heimen og kyrkja der ho vart døypt.

I veggen på eit hus like ved var det ein minibank, og det blei spøkt om at det lønna seg å be til statuen før ein prøvde å ta ut pengar.

Elles var det få som gjorde notis av statuen når dei vandra ned den travle handlegata.

Ignorert av Tito

Jasmina Mironski

AFP-byråsjef i Skopje, Jasmina Mironski.

Foto: Privat

I Jugoslaviatida fekk Mor Teresa relativt lite merksemd. Ho vart nemnd då ho fekk nobelprisen. Elles var det lite interesse å spore frå styremaktene.

Etter Jugoslavias fall, har interessa vore stigande.

I slutten av 2009 vart heimen rekonstruert og gjort til museum og kapell, på staden der ho vart døypt.

Senteret har no 500 besøkande dagleg, melder AFP.

Da NRK besøkte senteret i august 2010, var det nyleg opna. Allereie da var det enorm interesse.

NRK møtte mellom anna den kinesiske dissidenten Bei Ling, som ikkje er kristen

– Mor Teresa inspirerte alle menneske, uansett tru, sa Bei Ling.

Kranglar om opphav

Men i det multietniske Skopje, er den nyvunne interessa for Mor Teresa, ein spore til strid.

For både albanarar og makedonarar hevdar ho tilhøyrer dei.

Mor Teresa vart fødd i 1910, i det fleirnasjonale osmannerriket.

No er Skopje hovudstaden i nasjonalstaten Makedonia, eit land med ein betydeleg albansk minoritet.

Det er ingen tvil om at mor hennar kom frå ein ein kjend katolsk-albansk familie frå det som no er staten Kosovo.

Men fleire makedonarane har prøvd å kreve eigarskap til Teresa gjennom faren, som dei hevdar er arumener.

Dette er eit gammalt latinsk folkeslag, som nyt høg respekt blant makedonarane.

Andre makedonarar fokuserer på at fødestaden hennar er hovudstaden Skopje.

– Vi kallar henne «Skopjanka», fordi vi veit ho er vår, seier direktøren for den nasjonale kommisjonen for religiøse saker, Valentina Bozinovska, til AFP.

DOUNIAMAG-MACEDONIA-VATICAN-RELIGION-TERESA

Det er laga eit kapell inne i barndomsheimen til Mor Teresa. Folk vafartar hit frå heile verda.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp

– Mor Teresa var aldri makedonar

Men på albansk side avviser dei historieskrivinga til makedonarane som i overkant kreativ.

– Ho budde i Skopje, men erklærte seg aldri som makedonar, seier den albanske historikaren Moikom Zeqo til AFP.

Andre etniske albanarar som France24 har snakka med meiner det er uakseptabelt at Mor Teresa blir gjort til eit symbol for den makedonske nasjonen.

Ville gravlegge Mor Teresa i Albania

Også nabolandet Albania, der fleirtalet er muslimar, gjer krav på Mor Teresa.

I 2003 vart det innført ein eigen Mor-Teresa dag etter saligkåringa i 2003.

Det vart også gjort krav på levningane hennar frå India i 2009, noko som vart kontant avvist av indiske styresmakter.

Var faren albansk nasjonalist?

Årsaka til at opphavet til faren er så omdiskutert, kan vere at han involverte seg i kampen for den albanske saka, etter at staten Albania vart oppretta i 1912.

Men faren døydde tidleg, i 1919, da Teresa var 8 år gammal. Og kjeldene om han er vage.

Det har blitt hevda han vart forgifta av serbiske agentar, men dette er aldri bevist.

Skulle det stemme at faren var albansk nasjonalist, kan det forklare kvifor jugoslaviske leiarar vegra seg for å hylle Mor Teresa.

Og kvifor ho er så viktig for staten Albania i dag.

Vil ikkje snakke om opphav

Da NRK snakka med AFP-byråsjefen i Skopje, Jasmina Mironski, i 2010, understreka ho kor betent temaet om «eigarskapet» til Mor Teresa hadde blitt.

– Eg snakka med dei næraste slektningane hennar i Skopje før dei døydde. Dei følte seg ukomfortable med å diskutere opphavet til familien, sa Mironski.

Sjølv er Mor Teresa sitert der ho kallar seg sjølv både borgar av Skopje, og av albansk slekt.

Ho var uansett statsborgar av India frå 1951.

DOUNIAMAG-MACEDONIA-VATICAN-RELIGION-TERESA

Den makedonske nasjonalbanken har laga ein sølvmynt i samband med kanoniseringa av Mor Teresa.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp

– Utidig krangel

I eit intervju denne helga, seier direktøren for minnesenteret i Skopje at ho synest krangelen er utidig.

– Eg trur Mor Teresa ville blitt lei seg hadde ho opplevd dette, sa Renata Zdravkovska til AFP.

Frå Skopje til Nobelprisen

Allereie i 2010 diskuterte NRK med folk som besøkte senteret i Skopje, om dei verkeleg trudde ho hadde utført mirakel.

Jasmina Mironski var ikkje i tvil.

– Det at ho reiste frå anonyme Skopje for å vie livet sitt til dei fattige i slummen i Kolkata, er mirakel nok for meg, fortalde ho.

Det er ein lang veg frå Skopje til fredsprisen?

– Det er ein enormt lang veg, ikkje minst før i tida, men også i våre dagar, sa Jasmina Mironski ein haustdag i 2010.

Men diskusjonen om opphavet hennar, vil nok ikkje bli mindre oppheta etter at ho er gjort til helgen seks år seinare.

SISTE NYTT

Siste nytt