NRK Meny
Normal

Al Qaida-topp drepen av USA i Syria

Mushin al-Fadhli, som var ein av dei dei næraste medarbeidarane til Osama bin Laden, vart drepen i eit amerikansk luftangrep i Syria tidlegare denne månaden, opplyser Pentagon.

Den 33 år gamle Kuwait-fødde Al Qaida-leiaren var ein av dei få i terrororganisasjonen som kjende til planlegginga av angrepa mot USA 11. september 2001, ifølgje Pentagon-talsmannen Jeff Davis.

Det var 8. juli i år at ein amerikansk rakett ramma bilen Fadhli var om bord i ikkje langt frå Sarmada i Syria, ikkje langt frå Aleppo. Meldinga er ikkje stadfesta av andre kjelder.

– Viktig tilretteleggjar

Muhsin al-Fadhli skal vere drepen i eit amerikansk luftangrep.

Muhsin al-Fadhli vart drepen i eit amerikansk angrep i Syria 7. juli, opplyser Pentagon.

Foto: HANDOUT / Reuters

Davis opplyser at Mushin al-Fadhli var ein viktig tilretteleggjar i Al Qaida-nettverket, og at han fleire gonger har vore involvert i angrep mot amerikanske og andre vestlege mål. Han nemner eit angrep mot amerikanske elitesoldatar på øya Faylaka i Kuwait i oktober 2002, og mot det franske skipet MV«Limburg».

Han skal ha vore leiar for gruppa Khorasan, som opererer i Syria. USA hadde lovd ein dusør på sju millionar dollar for Fadhli, og ifølgje Pentagon flykta han frå Afghanistan til Iran etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Hevder IS har treningsleire i Bosnia

Terrorsiktet i Jordan spionerte i Telemark

– Al Qaida-veteran

– Han var leiar for eit nettverk av Al Qaida-veteranar, som i periodar har vorte kalla Khorasan-gruppa, som har planlagt angrep mot USA og våre allierte, seier Jeff Davis.

Amerikanske styresmakter har også tidlegare meldt at Fadhlis var død. Det skjedde etter eit angrep i september i fjor, like etter at USA starta luftkrigen sin mot militante islamistar i Syria.

Terrorrammede Westgate nyåpnet i Kenya lørdag

Krigens etterpåklokskap

Harde kamper timer før våpenhvile i Jemen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt