Hopp til innhold

Al Qaida-topp arrestert i Irak

Mannen USA trur har vore bindeleddet mellom Osama bin Laden og Al Qaida i Irak, er arrestert.

Khaled al Mashdani vart arrestert i Mosul 4. juli 2007.

Khaled al Mashdani var bindeleddet mellom Al Qaida i Irak og den internasjonale terrororganisasjonen, meiner amerikanske styresmakter.

Foto: - / AFP

Den amerikanske brigadegeneralen Kevin Bergner sa på ein pressekonferanse i Bagdad i dag at Khaled al-Mashdani er leiaren for Al Qaida i Irak.

Bergner gjorde det klart at  Mashdani har vore bindeleddet mellom Al Qaida i Irak og Al Qaida-nettverket i utlandet, inkludert den øvste leiaren Osama bin Laden og nestleiaren Ayman al-Zawahri.

 

Brigadegeneral Kevin Bergner fortalde om arrestasjonen av Kheld al-Mashadani.

Brigadegeneral Kevin Bergner fortalde om arrestasjonen på ein pressekonferanse i Bagdad i dag.

Foto: ALI AL-SAADI / AFP

Amerikanske soldatar tok Mashdani til fange 4. juli i Mosul i den nordlege delen av Irak.

I avhøyr har Mashdani sagt at det som har vore oppfatta som ei viktig Al Qaida-gruppe i Irak, Iraks islamske stat, ikkje eksisterer. Han har også fortalt at mannen som har blitt oppfatta som leiaren for gruppa, Omar al-Baghdadi, ikkje eksisterer.

Ein irakisk skodespelar har gitt røysta til Baghdadi på lydbandopptak, men både mannen og organisasjonen var ein bløff.

Målet var å skjule at det eigentleg er utlendingar som styrer Al Qaida i Irak, i eit forsøk på å gi gruppa eit irakisk ansikt, sa Kevin Bergner blant anna på pressekonferansen.

Den arresterte Mashdani skal ha fungert som kontakt mellom mannen USA meiner er den verkelege leiaren for Al Qaida i Irak, egyptaren Abu Ayyab al-Masri, og dei internasjonale leiarane Osama bin Laden og Ayman al-Zawahri.

Osama bin Laden er opprinneleg frå Saudi-Arabia og Zawahri  frå Egypt.

Amerikanske styresmakter har heile tida sagt at Al Qaida sine operasjonar i Irak er styrde av utlendingar.

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt