Hopp til innhold

Al Qaida hyllar arabisk revolusjon

Terrornettverket Al Qaida har sendt ut ein ny video med lydopptak av Ayman al-Zawahri og ikkje tidlegare publiserte videoopptak av Osama bin Laden.

Al-Qaidas nestleder Ayman al-Zawahri

Al Qaidas nye leiar Ayman al-Zawahri har lagt ut ein bodskap i samband med 10-årsdagen for 11. september 2001.

Foto: AP

Osama Bin Laden

Osama bin Laden vart drepen av amerikanske spesialsoldatar i Pakistan 2. mai i år.

Foto: MAZHAR ALI KHAN / AP

Videoen er lagt ut på islamistiske nettstader under tittelen «The Dawn of Imminent Victory», som kan oversetjast med noko slikt som «byrjinga på ein nært føreståande siger».

- Islamsk styre

I talen hyllar Zawahri revolusjonane i dei arabiske landa Egypt, Libya og Tunisia. Han gjer det klart at Al Qaida er ein del av desse revolusjonane, og at det vil bli islamsk styre med islamske lover (sharia) i desse landa.

Videoen inneheld også ein bodskap som Osama bin Laden hadde laga før han vart drepen av amerikanske spesialstyrkar. Her åtvarar han innbyggjarane i USA mot å bli slavar av store private næringslivsselskap og jødiske pengar.

Al Qaida-leiaren hyllar forgjengangaren Osama bin Laden i videoen som ein mann som først kjempa mot Sovjetunionen og deretter mot USA, og at han ofra alt i denne kampen.

- USA vil ikkje sjå at det ikkje er ein enkelt person eller ei enkelt gruppe som står mot dei, men heile den islamske verda. Etter at Osama bin Laden vart martyr, har revolusjonen sitt islamske ansikt vist seg for dei, seier han i videoen.

Videoen, som blir publisert ti år etter angrepa mot USA 11. september 2001, er rundt ein time lang.

- Truverdig informasjon

Ayman al-Zawahri, den egyptiske augelegen som tok over som leiar i Al Qaida etter at Osama bin Laden vart drepen, blir berre vist fram med eit stillbilete på videoen.

Det er uklart kvar Zawahri oppheld seg, men det er mistanke om at han er i det lovlause grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan.

Det skal også vere ikkje tidlegare publisert videomateriale av Osama bin Laden, Al Qaida-toppen som vart drepen av amerikanske spesialsoldatar i Pakistan 2. mai i år.

Amerikansk etterretning varsla før helga om at dei hadde truverdig, men ikkje stadfesta informasjon om at Al Qaida hadde planar om å gjennomføre eit terrorangrep i USA i samband med 10-årsdagen for 11. september 2001.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Al-Qaidas ledelse en skygge av seg selv

LES OGSÅ: Ville bytte navnet på Al Qaida

LES OGSÅ: Truer USA i bin Ladens minnetale

LES OGSÅ: Storaksjon mot Al Qaida i Pakistan

SISTE NYTT

Siste nytt