Hopp til innhold

Al Qaida-gruppe bak Bagdad-angrep

Ei irakisk gruppe knytt til Al Qaida-nettverket har teke på seg skulda for tre bombeangrep i Bagdad måndag, der 36 menneske vart drepne.

Røyksøyle etter eksplosjon i Bagdad

Dei samordna angrepa retta seg mot tre hotell i sentrum av Bagdad.

Foto: ALI AL-SAADI / Scanpix/AFP

Gruppa, som kallar seg "Den islamske staten i Irak", seier i ei fråsegn på Internett at dei står bak angrepa mot tre hotell i sentrum av Bagdad.

Dei tre angrepa retta seg mot tre hotell som ofte blir nytta av utlendingar. I tillegg til 36 drepne vart minst 71 menneske såra.

Tre minibussar fylde med sprengstoff eksploderte utanfor hotella meir eller mindre samstundes.

I fjort vart minst 400 menneske drepne, og over 1000 såra, i samordna angrep mot regjeringsbygningar i Bagdad, blant anna mot finansdepartementet, utanriksdepartementet og justisdpartementet.

Den amerikanske generalen Ray Odiemo sa i går at han trudde det var Al Qaida som stod bak angrepa, men at han ikkje hadde bevis for dette.

LES OGSÅ: Minst 18 drept i bilbombe-angrep

LES OGSÅ: Bilbomber mot hoteller i Bagdad

SISTE NYTT

Siste nytt