Hopp til innhold

Akutt mangel på morsmjølkerstatning i USA

Amerikanske foreldre er desperate etter fleire månader med mangel på morsmjølkerstatning i USA. No har forsvaret fått grønt lys for å flyge inn erstatningar frå utlandet.

Tomme butikkhyller

TOMME HYLLER: Butikkar over heile USA har vanskar med å skaffe nok morsmjølkerstatning.

Foto: Michael Conroy / AP

Produsentar av morsmjølkerstatning seier dei produserer for fullt, men det er framleis tomme butikkhyller i store delar av USA, melder CNN.

Fleire kjedar har starta med rasjonering for å hindre at folk hamstrar.

Mangelen rammar særleg familiar med dårleg råd, skriv The Guardian. Mange er desperate, og fryktar babyane ikkje skal få i seg nok mat.

Tomme butikkhyller med lapp om at det bare er lov å kjøpe fire bokser med morsmelkerstatning per kunde.

Butikkar har sett tak på kor mange boksar kvar kunde kan kjøpe.

Foto: JIM WATSON / AFP

Enkelte sper ut erstatninga for at ho skal vare lenger. Eller dei prøver å lage morsmjølkerstatning sjølv, noko som kan vere farleg for babyane.

Andre kjøper dyre boksar og flasker på eBay, skriv The New York Times. På nett kan ei boks koste opp mot ti gongar så mykje som i butikken.

Set inn fly

Den langvarige krisa har auka presset mot amerikanske styresmakter. President Joe Biden brukar no ei føderal lov for å sikre betre tilgang på erstatning.

Lova krev at leverandørar må prioritere produsentar av morsmjølkerstatning, skriv The Guardian.

Det amerikanske forsvaret kan no også rekvirere sivile fly for å frakte inn godkjend morsmjølkerstatning til USA frå utlandet.

– Vi skal gjere alt vi kan for å sikre oss at vi har nok trygg morsmjølkerstatning, og at ho kjem raskt ut til dei familiane som treng det mest, seier Biden.

Joe Biden står på talerstolen og snakker

President Joe Biden seier USA vil bruke forsvaret for å sikre forsyningar av morsmjølkerstatning.

Foto: NICHOLAS KAMM / AFP

Representanthuset har også vedteke fleire lovforslag knytt til mangelen på erstatning.

Dei foreslår blant anna å løyve ekstra pengar til Food and Drug Administration, FDA, og sikre at dei med dårlegast råd får den morsmjølkerstatninga dei treng, melder CNN.

Måtte kalle tilbake erstatning

Mangelen starta i fjor, og blei utløyst av fleire pandemi-relaterte forhold i produksjonskjeda.

Det var blant anna vanskeleg å få tak i enkelte ingrediensar. I tillegg var det mangel på kvalifisert arbeidskraft, skriv The New York Times.

Brett med morsmelk klar til distribusjon

Glas med morsmjølk står klare i kjølerommet til den amerikanske morsmjølkbanken. Mjølka er donert frå ammande kvinner, og blir gitt til familiar som treng det.

Foto: David Zalubowski / AP

Problema auka då ein av dei største produsentane, Abbott Nutrition, måtte stenge ein fabrikk. Minst fire barn blei sjuke og to døydde etter at dei skal ha brukt morsmjølkerstatning frå Abbot.

FDA kalla tilbake tre produkt etter eit varsel frå ein tidlegare tilsett i selskapet, skriv CNN.

Abbott seier dei har gjort fleire interne granskingar, men at dei ikkje har funne nokon samanheng mellom produkta og sjukdommen.

Hjelpeorganisasjon deler ut morsmelkerstatning.

Mangelen på morsmjølkerstatning har gått særleg ut over dei fattigaste i USA. Hjelpeorganisasjonar deler ut boksar til desse familiane.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters

Dei er no i dialog med FDA om å få starte opp att produksjonen ved fabrikken som blei stengt tidlegare i år.

Men ifølge selskapet vil det ta åtte til ti veker frå produksjonen startar igjen til produkta er tilgjengeleg i butikk, skriv The Guardian.

Les også WHO-rapport: Aggressiv markedsføring av morsmelkerstatning

SISTE NYTT

Siste nytt