Hopp til innhold

Aksjeeigarar sa ja til Musk-lønspakke på 477,5 milliardar

Kor mykje pengar Tesla-leiaren fortener, har vorte eit betent spørsmål – både i selskapet og i det amerikanske rettsvesenet.

Elon Musk

ENDÅ RIKARE: Elon Musk er verdas rikaste mann i augeblinken, ifølge Forbes. Viss han får lønspakken, vil han få eit endå større forsprang til andremann på lista: Amazon-grunnleggar Jeff Bezos.

Foto: Apu Gomes / Getty Images/AFP

RETTING:

I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at Musk får utbetalt 477 milliardar kroner. Det riktige er at han får opsjonar. Opsjonar er noko som gir han høve til å kjøpa Tesla-aksjar til ein pris som er avtalt på førehand.

Klokka 23.10 torsdag kveld vart det klart at aksjeeigarane godkjenner lønspakka til Musk på 477 milliardar kroner.

Det er ei av sakene aksjeeigarar i Tesla stemte over under generalforsamlinga i selskapet. Også juridisk flytting frå Delaware til Texas vart vedtatt.

Hovudpersonen sjølv gjekk på scena nokre få minutt etter at resultatet vart klart måndag kveld norsk tid. Der rosa han aksjonærane som nettopp hadde godkjent lønspakka hans.

– Fantastisk. Eg elskar dykk. Me har den mest fantastiske aksjonærbasen, sa Musk.

Det norske Oljefondet hadde varsla at dei vil stemme nei til lønspakka, fordi dei meiner ho er uforholdsmessig stor.

Treng han 500 milliardar?

Det norske pensjonsfondet Oljefondet er den åttande største eigaren i Tesla.

Dei stemte mot å gi Musk denne gigantløna, fordi dei meiner det tar for mykje av verdien deira som eigarar.

– Denne lønspakka til Musk tar jo leiarløningar til historiske, eller skal me seie astronomiske, nye høgder. Me stemte imot fordi me tenker det ikkje er i aksjonæranes interesse å ha så store verdioverføringar frå eigarane og til leiar.

Det seier Carine Smith Ihenacho, direktør for eigarskap i Oljefondet.

Carine Smith Ihenacho, Norges bank

KRITISK: Carine Smith Ihenacho, direktør for eigarskap i Oljefondet.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Musk slutta å følge oljefondssjef Nicolai Tangen etter at det vart kjent at Oljefondet stemte nei. Men Oljefondet er ikkje redd for å fornærma verdas rikaste mann, seier Ihenacho.

– Når me stemmer på lønspakkar og stemmer generelt, så gjer me det etter klare retningslinjer og uavhengig av kva den enkelte leiar synest om det, og helt uavhengig av korleis Elon Musk ville reagera.

Ho legg til at dei er «kjempeglade for den verdiauken som har skjedd i Tesla under Elon Musk».

– Det har vore heilt fantastisk. Men treng han 500 milliardar kroner for å skape desse verdiane? Det tenker ikkje vi.

Ein av dei som er heilt ueinig, er forretningsmann og milliardær Christian Ringnes.

Christian Ringnes

UEINIG: Christian Ringnes meiner Musk forten alt han får.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Fortener han dette?

– Ja, definitivt. Altså, dette er ikkje lønn i den forstand. Han får rett til å kjøpa aksjar til ein billig pris, og den prisen er skyhøgt mykje høgare enn han var då denne avtalen vart inngått. Han gav frå seg all lønn i mange år, dette var denne pakka han skulle ha. Og det var eigentleg ingen som trudde at denne pakka skulle slå inn, seier Ringnes.

Han understrekar at Musk har skapt enorme verdiar for aksjonærane i Tesla.

– Han fortener alt han får. Dette er ein mann som endrar verda, seier Ringnes.

Elon Musk ved ein test-tunnell i Boring Company i Hawthorn sør for Los Angeles i desember 2018. Musk står i rutete skjorte over mørk T-skjorte og bukse. Han holder en mikrofon og står foren en tunnell med blått lys.

Elon Musk ved ein test-tunnel i Boring Company i Hawthorn sør for Los Angeles i desember 2018

Foto: by Robyn Beck / AFP / NTB

Saka har òg vore innom rettsvesenet i USA éin gong. Truleg vert det fleire rundar.

Søksmål og rettssak

Det heile byrja i 2018. Då hadde generalforsamlinga i Tesla godkjent ei lønspakke til Musk.

Les også Mekaniker fra norsk Tesla-verksted hylles for å ha varslet om selv­kjørende biler

Lucasz Krupski

Reuters beskriv pakka slik: Musk skulle få aksjar verde cirka 1 prosent av eigenkapitalen til Tesla kvar gong dei nådde eitt av fleire mål selskapet hadde sett.

Det likte ikkje aksjeeigaren Richard Tornetta. Han meinte det var urettferdig at Musk skulle få så mykje pengar.

Difor saksøkte han Musk og fleire andre direktørar i Tesla.

FILE PHOTO: Tesla Inc CEO Elon Musk attends an opening ceremony for Tesla China-made Model Y program in Shanghai

Tesla har gjort Elon Musk både steinrik og berømt. Her er han under ei lansering av Tesla modell Y i Shanghai i 2020.

Foto: Aly Song / Reuters

Ei stund hadde pakka ein antatt verdi på cirka 56 milliardar amerikanske dollar, eller svimlande 594 milliardar norske kroner, ifølgje nyheitsbyrået.

No er pakka «berre» verdt 45 milliardar dollar, eller rundt 477 milliardar norske kroner, ifølgje New York Times.

Generalforsamlinga i Tesla godkjende pakka i 2018. Likevel fekk ikkje Musk noko pengar, for saka enda opp i rettsvesenet i Delaware i USA.

Elon Musk teikna i retten i Delaware i november 2022. 

Elon Musk teikna i retten i Delaware i november 2022. 

Foto: Elizabeth Williams / AP / NTB

Der sette dommaren ned foten.

Dommar Kathaleen McCormick erklærte lønspakka ugyldig. Ho meinte summen var «ufatteleg» og ikkje rettferdig overfor aksjeeigarane.

Ho meinte dessutan at Musk i stor grad hadde bestemd vilkåra for pakka sjølv, fordi styret mellom anna bestod av broren hans og nære venar, skriv New York Times.

Eit nytt forsøk

Men kampen er ikkje over, for dommen er anka.

Nå har generalforsamlinga også stemt over forslaget ein gong til. Denne gongen var det venta at det skulle vere svært jamt.

Fleire aksjeeigarar hadde flagga ståstaden sin, mellom anna Oljefondet. Dei stemte imot, noko dei og gjorde i 2018.

Det har òg Storebrand bestemt seg for å gjere, seier porteføljeforvaltar Ivar Harstveit i Delphi-fonda.

– Det må vere ei grense for kor omfattande lønspakker bør vere, seier han, men understrekar òg at han meiner det er rett å gje nøkkelpersonell løn for strevet.

Les også Musk ned på jorden: Kjempeunderskudd for Tesla

US-TELSA-REPORTS-QUARTERLY-EARNINGS Telsa Reports Quarterly Earnings

Han beskriv summen som uvanleg høg, òg til USA å vere.

– Lønsnivået for toppleiarar i USA er allereie betydeleg høgare enn lønsnivået for norske toppleiarar. Dette er fort 100 gonger det igjen, så det er snakk om enorme summar, seier Harstveit.

– Bør undersøkast i etikkutval

Professor i finansøkonomi, Bjørn Espen Eckbo, er sterkt ueinig med flagginga til Oljefondet av at dei vil stemme nei.

Bjørn Espen Eckbo intervjues av NRK torsdag.

Bjørn Espen Eckbo er professor i finansøkonomi ved Dartmouth College (USA) og professor II ved Noregs Handelshøyskoles Institutt for finans.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Då følger dei ikkje opp den kontrakten dei sjølv har vore med på å inngå. Som aksjonær er du, saman med alle andre aksjonærar, ansvarleg for å betala rekninga. Då skal du ikkje i ettertid, når du har fått levert så tydeleg, prøva å la vere å betala, seier han til NRK.

Eckbo meiner Oljefondet sitt nei er uetisk.

Les også Raketten til Elon Musk fungerte

Flapsen til Starship brenner

– Eg meiner det etiske grunnlaget for den avgjerda er så dårleg at det bør verte undersøkt av Stortingets etikkutval, som har som oppgåve å vurdera etikken i Oljefondet si åtferd, seier professoren

– Fondet har brukt årevis på å bygga opp eit godt rykte. Med eit pennestrøk kan du faktisk øydelegga eit slikt rykte, legg han til.

Ikkje urimeleg

Professoren synest ikkje det er urimeleg at Musk får pakka på 45 milliardar dollar.

– Det er mykje pengar, men det er verdiskapinga du må fokusere på. Han har skapt enormt med pengar. Og så har han totalt sett fått 5 prosent av den verdiauken. 5 prosent er ikkje så unormalt i seg sjølv, men tala er heilt gedigne, seier han.

Elon Musk avbildet på en teknologikonferanse i Paris i juni i fjor. Vi ser et portrett av Musk fra brystet og opp. Bakgrunnen er helt mørk, han har en blå tress og holder hendene foldet foran brystet.

Elon Musk på ei teknologikonferanse i Paris i juni i fjor.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters/ NTB

Eckbo påpeikar at då avtalen vart inngått, var det nesten umogleg å oppnå kravet til avkastning. Hadde Musk ikkje lukkast, ville ikkje avtalen vore verdt noko.

– Ingen trudde han skulle klara det. Han tok likevel jobben, og klarte det i bøtter og spann. Eit av dei viktigaste prinsippa i selskapsstyring er å betala for det du inngår, understrekar han.

– Eg vil seia det var bra aksjonærane gjentok den voteringa dei tok i 2018, seier Eckbo om resultatet.

– Ein urimeleg stor lønspakke

I ein rapport CBS har fått tilgang til heiter det at lønspakken kan føra til at Tesla-aksjane vert mindre verde.

Det er likevel ikkje noko heilt eintydig svar på kva det vil kunne bety for aksjeeigarane, meiner Harstveit.

– Viss Elon Musk gjer ein god jobb som toppsjef, i den forstand at han får profitten i Tesla til å auka slik at aksjekursen aukar, vil det vere godt for aksjonærane. Samstundes betyr ikkje det at det er rett med ein urimeleg stor lønspakke, seier han.

Musk hadde i forkant meir eller mindre slått fast at han får medhald hos generalforsamlinga. Det skriv CBS.

– Begge vedtaka ligg an til å gå gjennom med god margin! skreiv han på X/Twitter onsdag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt

Modellen Bella Hadid, her på rød løper på filmfestivalen i Cannes 23. mai. Hun har en sort kjole med bare ermer og v-utringing. Det mørke håret er satt opp og hun har lange øredobber med blanke steiner.

Adidas dropper Bella Hadid-reklame

Staten Israel kritiserte en Adidas-reklame med den halvt palestinske modellen Bella Hadid. Nå er hun droppet fra kampanjen.

Momen Jaber spikrer tepper på plass

Palestinere til Hamas: – Ikke bruk oss som menne­skelige skjold

Israel bomber flyktningleirer og sivile i jakten på Hamas-toppene. Palestinere som NRK har snakket med, har en beskjed til krigere som gjemmer seg blant sivile.

Biden faller på flytrappa

Øyeblikkene som kan felle Biden

Det startet med noen fall, et feil navn her og der, antydninger om dårlig hukommelse. Nå vakler den amerikanske presidenten mer enn noen gang.