Hopp til innhold

Ahmadinejad vil ha ny verdsordning

Irans president Mahmoud Ahmadinejad snakka varmt om å innføre ei «ny verdsordning», men også om trusselen frå «usiviliserte sionistar» i talen sin i FNs hovudforsamling i ettermiddag.

Mahmoud Ahmadinejad på talarstolen i FN.

Mahmoud Ahmadinejad på talarstolen i FN i ettermiddag norsk tid.

Foto: JOHN MOORE / Afp

USA gjorde det klart på førehand at dei ville boikotte talen, fordi den iranske presidenten ville bruke taletida si på «paranoide teoriar og motbydelege utfall mot Israel».

Også den kanadiske- og israelske delegasjonen heldt seg borte under talen.

Den iranske presidenten langa i velkjent stil ut mot spesielt USA og Israel. Han sa blant anna at Iran er under direkte trussel frå «usiviliserte sionistar», ein trussel som har som mål å få land til å underkaste seg.

– Stadige truslar

– Stadige truslar frå «usiviliserte sionistar» om å bruke våpen mot oss er eit klart eksempel på dette, sa Ahmadinejad blant anna.

Ahmadinejad snakka også varmt og lenge om kor nødvendig det er med ei ny verdsordning, der han var oppteken av kor viktig det er med kjærleik og respekt for alle menneske på jorda.

Han kalla den noverande verdsordninga for undertrykkjande, der fattigdom blir påtvungne menneske og nasjonar på grunn av visse stormakter sin aggressive politikk.

Dobbeltmoral

– Det er ingen tvil om at verda treng ei ny verdsordning og ein ny måte å tenkje på. Det bør bli ei rettferdig ordning der alle er like for lova og der det ikkje er dobbeltmoral, sa han blant anna.

Ahmadinejad kom i talen sin også inn på tema han har vore innom også i tidlegare talar i FNs hovudforsamling, slikt som at det bør setjast ned eit uavhengig kommisjon for å finne ut kva som verkeleg hende i USA 11. september 2001.

Han sa tidlegare denne veka at Israel kjem til å bli eliminert og at staten Israel ikkje har rett til å eksistere, men han gjentok ikkje dette i talen sin i FN.

Siste tale i FN

Dette var Mahmoud Ahmadinejad sin åttande tale til FNs hovudforsamling på like mange år, og truleg hans siste. Neste år er det presidentval i Iran, og Ahmadinejad har vore president i to periodar. Etter den iranske grunnlova kan ein president berre sitje i to periodar.

LES OGSÅ: Obama lovar å hindre at Iran får atomvåpen

LES OGSÅ: Iran: – Vi er klare for israelsk angrep

LES OGSÅ: Nord-Korea og Iran signerer avtale om teknologideling

LES OGSÅ: Ban fordømmer iranske utfall mot Israel

LES OGSÅ: Hizbollah hevder de kan drepe titusener av israelere

SISTE NYTT

Siste nytt