NRK Meny
Normal

Ahmadinejad rasar mot Gaddafi

Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad rasar mot regimet i Libya og ber verdas leiarar om å lytte til folket.

Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad

Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad kan ikkje tru at Gaddafi brukar kuler mot sitt eige folk.

Foto: SEYLLOU DIALLO / Afp

– Det er ikkje til å tru at nokon kan drepe sine eigne innbyggjarar og bombe dei, seier Ahmadinejad på statleg TV etter å ha blitt spurd kva han meiner om situasjonen i Libya.

– Korleis kan offiserar bli beordra til å bruke kuler frå maskingever, stridsvogner og pistolar mot sitt eige folk? spør han vidare før han slår fast:

– Lytt til folket

– Dette er ikkje akseptabelt. Lat folket få talerett, bli fri, bestemme over seg sjølve. Ikkje kjemp mot folkets vilje, seier han, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Ahmadinejad ber leiarar i verda om å lytte til og snakke med sitt eige folk.

Ifølgje rapportar frå den italienske statsministeren Franco Frattini skal så mange som 1000 menneske vere drepne i opptøyane i Libya dei siste dagane.

Fengsla i Iran

Augevitne fortel at Gaddafi har bomba dei og at leigesoldatar skyt alt som rører seg i gatene. Libyske styresmakter seier 300 er døde i kampane, og avviser bruk av jagarfly.

Den libyske leiaren Muammar al-Gaddafi sjølv sa på TV i går at han vil kjempe til siste dråpe blod , og at han ikkje vil gå av.

Fleire intelektuelle, journalistar, aktivistar, advokatar og opposisjonelle er dømde til lange fengeslstraffer for å ha delteke i demonstrasjonar mot Ahmadinejad i Iran.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt