Hopp til innhold

Aggressivt datavirus stansa kreftbehandling av born

Akademiska sjukhuset i svenske Uppsala vart ramma av eit dataangrep. Resultatet var at dei måtte sende heim born som var inne til strålehandling.

Akademiska sjukhuset i Uppsala.

Kreftavdelilnga på Akademiska sjukhuset i Uppsala vart ramma av eit alvorleg datavirusangrep, som ramma spesielt strålebehandling av kreftsjuke.

Foto: Akademiska

Stråleavdelinga var stengt i eit døgn etter dataangrepet, der det vart brukt eit såkalla utpressingsvirus (ransomware). Angrepet kan ha vore retta direkte mot sjukehus og andre aktørar i helsestellet.

– Det verkar som dei som står bak desse angrepa ikkje forstår konsekvensane. Eller så er dei berre kaldblodige, seier onkologisjukepleiar Pia Ternström til SVT . Dette virusangrepet skjedde hausten 2015.

Slik beskytter du deg mot løsepengevirus

NSM: – Største dataangrepet verden har sett

Rask spreiing

Problemet starta då ein tilsett på Lasarettet i Enköping klikka på lenka i ein e-post som såg ut til å kome frå PostNord. Lenka leidde til ei side med ein kode, som installerte det aggressive utpressingsviruset på datamaskinen.

Denne tilsette hadde også tilgang til andre datasystem, og viruset hadde fri veg heilt til stråleavdelinga på Akademiska sjukhuset. Konsekvensen var at dei tilsette måtte sende heim fleire kreftsjuke utan å kunne gi dei behandling.

Alexander Englund Akademiske sjukhuset.

Alexander Englund er sjeffysikar på Akademiska sjukehuset i Uppsala.

Foto: Akademiska sjukehuset

SVT har greidd å kome seg inn i ein database som fortel meir om dette dataangrepet, og spora etter angriparane fører til Russland. Fleire millionar falske e-postar er ifølgje SVT sende ut via denne databasen.

Det går fram at virusmeldinga er sendt til fleire sjukehus rundt om i verda. Berre i Sverige har nettverket prøvd å infisere 30 sjukehus og minst fem landsting, utan at det fekk så alvorlege konsekvensar som på Akademiska.

Gruppen bak viruset sjekkes for bånd til Nord-korea

– Oppdater all programvare på maskinen

– Vil skje igjen

Alexander Englund på Akademiska sjukhuset i Uppsala seier at dei hadde eit backup-system som gjorde at vi kunne hente opp igjen informasjonen i systemet, utan at dei måtte betale utpressarane.

– Det er ein ubehageleg å situasjon at det finst folk som vil sabotere sjukehus. Men så lenge vi har datasystem og folk vil angripe oss, så vil dette skje igjen, seier han.

Hans Christian Pretorius i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

Hans Christian Pretorius i NSM meiner den norske helsesektoren har gjort ein god jobb med å verne seg mot datavirus.

Foto: Åse Marit Befring

Hans Christian Pretorius er avdelingsdirektør for cyber-tryggleik i Nasjonalt tryggingsorgan NSO. Han fortel til NRK at det ikkje er registrert målretta angrep mot helsesektoren her i landet. Han er også usikker på om angrepet på Akademiska var retta direkte mot helsesektoren.

– Vi hadde som arbeidsteori at eit nyleg ransomware-angrep var retta direkte mot helsesektoren, men det viste seg ikkje å vere det. Angrepa er retta breitt mot alle stader der det kan vere tryggingsbrist, seier han..

– Oppdaterte system

Han opplyser at Noreg har vore ramma av fleire slike angrep, men at ingen av dei har ramma tungt. Det betyr at norske verksemder, både private og offentlege, er flinke til å oppdatere systema sine.

Han meiner den norske helsesektoren fortener ros.

– Helsesektoren har vore utsette for fleire store angrep, men blei ikkje ramma fordi dei har oppdatert systema sine. Så hittil verkar det som om dei har gjort alt rett, seier Pretorius.

Hackere lammer datasystemer på sykehus

– Hackere brukte amerikanske etterretningsverktøy til globalt dataangrep

SISTE NYTT

Siste nytt