NRK møter paret Katarzyna og Agata og den fire år gamle dottera deira Weronika. I fleire dagar har dei demonstrert mot at domstolen har stramma inn det som allereie var ei av Europas strengaste abortlover.
I dag var det den største demonstrasjonen hittil i den polske hovudstaden med over 180.000 i gatene. Det var liknande demonstrasjonar i alle polske byar og tettstadar i dag.
Frustrasjonen mot regjeringa veks i Warszawa, for kvar dag blir demonstrasjonane større.
Foto: András / NRKSamtidig har fleire tusen nasjonalistar møtt opp for å verje det dei kallar dei kristne verdiane i Polen.
Nasjonalistar har stilt seg opp for å verje om ei av dei eldste kyrkjene i Warszawa. Like etter gjekk dei til angrep på fredelege demonstrantar og politiet.
Foto: András D. Hajdu / NRKTidlegare på dagen hadde dei slått ring rundt kyrkjer og katedralar i Warszawa.
Heilt uventa byrja dei å gå til angrep på demonstrantane. Katarzyna fortel det var ei svært skremmande oppleving, spesielt fordi ho hadde med seg den fire år gamle dottera si.
– Både demonstrantar og politi byrja springe mot oss. Vi måtte søke tilflukt i ein kafe. Eg kjenner eg blir stressa no når eg snakkar om det, fortel Katarzyna.
NRK observerte store politistyrkar ute i gatene i kveld. Også polsk militærpoliti var kalla inn for å halde ro og orden.
Militærpolitistyrkar frå hæren er kalla inn for å hjelpe det sivile politiet.
Foto: András D. Hajdu / NRKPolitiet skriv på Twitter at det var vore seks samanstøyt med nynazistar i kveld.
– Utviklinga i Polen er skremmande fortel Agata til NRK.
– Det har gått feil veg i tretti år.
«Nok er nok!» står det å lese på plakaten. 180.000 polakkar demonstrerte i hovudstaden i kveld.
Foto: András D. Hajdu«Patriarken kan dra til h***»
Paret viser fram plakatar dei har vifta med i marsjen i dag. Det er slagord der kyrkja får det glatte lag:
«Patriarken kan dra til helvete, og eg bestemmer over min eigen kropp.»
Bakgrunnen for protestane er at grunnlovsdomstolen i Polen har gjort det forbode med abort, sjølv om fosteret har alvorlege misdanningar. Det har fram til no vore den vanlegaste årsaka til abort i Polen.
Treng du abort, ring dette nummeret står det å lese på plakaten.
Foto: András D. Hajdu / NRKKjenninga betyr at abort i praksis er blitt forbode. No kan ein berre gjere abort om det er snakk om incest, valdtekt eller at det er fare for at den gravide døyr.
– Det er ikkje berre radikale som protesterer mot den nye lova, også moderate og konservative menneske synest det har gått for langt, fortel Katarzyna til NRK.
Ny smitterekord
Polen er eit av landa i Europa der koronasmitten no skyt i vêret. Det er meir enn 20.000 nye smitta om dagen. Sidan søndag har det vore forbode for meir enn seks personar å vere saman på gata.
Dette forbode har no vore trassa i snart ei veke. Og sjølv om Katarzyna og Agata fekk seg ein støkk i dag, vil dei halde fram å protestere.
– Men eg trur vi tek ein liten pause i morgon, vi vart litt skremde av desse nasjonalistane, fortel ho.
Demonstrantane passerer nasjonalistane som vaktar kyrkja i Warszawa sentrum.
Foto: András D. Hajdu / NRK