AFP: USA vurderer å kutte FN-støtte etter palestinsk medlemskap

USA vurderer å kutte støtta til to FN-organisasjonar og Kjemivåpenkonvensjonen, ifølgje ein amerikansk tenestemann. Årsaka er at palestinarane er blitt med i dei to organisasjonane.

Trump

President i USA, Donald Trump.

Foto: Evan Vucci / AP

Palestina har FN-status som observatørstat. Det gjer det mogeleg å søkje om medlemskap i FN-organisasjonar.

Onsdag blei det kjent at palestinarane er blitt med i handelsorganisasjonen UNCTAD og UNIDO, som arbeider med industriell utvikling.

Palestinarane har også slutta seg til Kjemivåpenkonvensjonen – den internasjonale avtalen om forbod mot utvikling, produksjon og lagring av kjemiske våpen.

– I strid med amerikansk lov

Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) har ansvar for å følgje opp denne avtalen, og sjå til at han blir respektert.

USA trekte seg ut av UNIDO i 1996. No heng den amerikanske støtta til UNCTAD og OPCW i ein tynn tråd.

Amerikansk lov hindrar USA i å støtte FN-organisasjonar og andre FN-tilknytte organisasjonar som tillèt palestinsk medlemskap.

Avhengig av bidrag

– USA har vore konsekvent i dette spørsmålet, seier ein tenestemann til nyheitsbyrået AFP.

OPCW og UNCTAD er heilt avhengige av frivillige bidrag frå FN-land for å halde drifta i gang.

I fjor trekte USA seg ut av UNESCO, som palestinarane blei med i i 2011.

SISTE NYTT

Siste nytt