Hopp til innhold

Advokat: – Cohen tilbyr "interessant" info for Russland-etterforsking

Den tidlegare Trump-fiksaren Michael Cohen vil legge alle kort på bordet. Det betyr at han også har nyttige opplysningar til dei som driv Russland-etterforskinga, sa forsvararen hans Lanny Davis.

Trump Lawyer Investigation

NÆR VEN AV BILL OG HILLARY: Cohen forsvarar Lanny Davis er ein nær ven av Bill og Hillary Clinton. Da han vart Michael Cohens forsvarar byrja mange kommentatorar å spekulere i om den tidlegare Trump-advokaten ville vende seg mot sin gamle sjef.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

– Eg kan fortelje dykk at det han veit, det han var vitne til, vil vere til nytte for spesialetterforskar Mueller, sa advokat Lanny Davis da han nyleg vart intervjua av «Good Morning America».

Mueller vart utnemnd 17. mai 2017 for å leie etterforskinga av «den russiske regjeringas innsats for å påverke det amerikanske presidentvalet i 2016 og relaterte spørsmål».

Cohen erklærte seg i går skuldig på åtte tiltalepunkt, mellom anna for å ha brote valkampfinansieringsreglane ved å betale «hysjpengar» til kvinner.

Cover - bildegalleri om Trump
Foto: Collage / NTB scanpix
Hvordan kan en pornostjerne og en korrupt advokat ødelegge for Trump?

– Fekk beskjed om å gjere noko kriminelt

– Michael Cohen fekk beskjed om å gjere ei kriminell handling. Det vart ikkje gjort av Donald Trump fordi han hadde sidesprang med to kvinner, men fordi han ikkje ville at nyheita skulle kome ut dei siste to veken av valkampen. Det er ei kriminell handling, sa Davis.

Michael Cohen var advokat og fiksar eller «problemløysar» for Donald Trump i mange år. Han handterte juridiske flokar i eigedomsbransjen, og har tidlegare sagt han vil stoppe ei kule for presidenten.

Men etter kvart som han har hamna i juridisk trøbbel, har også forholdet til Trump surna. Førre månad sa han til ABC News at han vil sette familien og landet først.

Cohen erklærte seg i går også skuldig i banksvindel og skattesvik.

Advokat: – Cohen vil legge alle kort på bordet

Forsvararen fortel til «Good morning America» at Cohen vil fortelje sanninga til alle som spør han om Trump. Men det er framleis uklart om han har gått med på å møte etterforskarane til Mueller.

Cohen ligg no an til ei lengre fengselsstraff og inndraging av pengar. Dommen er venta å falle 12. desember. Kva konsekvensane blir for Trump er meir uklart.

SISTE NYTT

Siste nytt