Hopp til innhold

«Hemmeleg» notatbok frå Depp/Heard-saka på auksjon for 140.000 kroner

Ein advokat frå Kentucky sel no sine private notat frå rettssaka mellom Amber Heard og Johnny Depp. Onsdag kveld er høgste bod oppe i nær 140.000 kroner.

Notater Johnny Depp

VANN FRAM: Johnny Depp jubla då retten i Virginia gav han medhald. No er ei notatbok frå rettssaka lagt ut for sal på Ebay.

Foto: NTB / Ebay

Rettssaka mellom skodespelarane Amber Heard og Johnny Depp er ei av dei mest omtalte og omdiskuterte i moderne tid.

Heard (36) blei til slutt dømd til å betale Depp (58) 15 millionar dollar i erstatning, medan han blei dømd til å betale ho 2 millionar.

Dei to var gift i to år frå 2015 til 2017 – eit forhold som var alt anna enn stille og roleg.

Notatblokk frå Amber/Heard-rettssaka

DYRE ORD: Denne notatboka ligg an til å bli seld på Ebay for nær 15.000 dollar.

Foto: ebay

Noterte flittig

No syner det seg at interessa rundt Heard/Depp framleis held seg varm.

Forsvarsadvokaten Larry Forman frå Louisville i Kentucky reiste nemleg til rettssalen i Fairfax i Virginia for å følgje den betente rettssaka.

Undervegs tok han nøyaktige notat frå det som skjedde og skreiv ned det han tenkte – og såg undervegs.

No har Forman lagt ut notata sine frå rettssaka på Ebay og onsdag kveld var nokon villige til å betale så mykje som 14.569 dollar for notata.

Til nettstaden TMZ seier Forman at meininga at dette skulle vere hans eigne hemmelege notat frå saka.

Notatbok Amber/Heard/Depp

Vil du sikre deg denne boka må du bla opp ein solid sum.

Foto: ebay

Same sjukehus som Heard

I tre dagar sat han og noterte nøye alt han såg, særleg reaksjonane til jurymedlemene.

Det blei rundt 20 sider kvar dag med notat, signaturar frå andre i retten og små teikningar.

Larry Forman har bestemt seg for å gje heile salssummen til eit barnesjukehus i Los Angeles, det same sjukehuset som Amber Heard har lova å gje 3,5 millionar dollar til.

Dei pengane har sjukehuset ikkje fått så langt.

Les også Johnny Depp vant rettssaken mot Amber Heard

E5nYJrNyobE

Notat Depp / Heard

Larry Forman sat i tre dagar og noterte svært nøye det som skjedde i rettssalen.

Foto: Ebay

SISTE NYTT

Siste nytt