NRK Meny
Normal

Advokat drepen i bin Laden-hemn

Advokaten til legen som hjelpte USA med å lokalisere Osama bin Laden i Pakistan, vart i dag skoten og drepen i eit attentat i den nordvestlege delen av landet.

Samiullah Afridi drepen i Pakistan.

Liket av advokaten Samiullah Afridi blir trilla bort av slektningar. Han vart skoten og drepen i eit attentat tidlegare i dag.

Foto: A Majeed / Afp

To ekstreme islamistiske grupper har alt teke på seg ansvaret for drapet på advokaten Samiullah Afridi. Både Tehrek-i-Talibani og Jandullah, begge grupper som har band til pakistansk Taliban, seier i kveld norsk tid at dei tok livet av advokaten fordi han representerte Shakeel Afridi.

Dette var legen som leidde den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA på sporet av Osama bin Laden i den pakistanske byen Abbottabad.

– Gjerningsmennene stakk av

Legen Shakil Afridi hjelpte USA med å finne Osama bin Laden.

Legen Shakil Afridi hjelpte USA med å finne Osama bin Laden. Han sonar no ein dom i eit pakistansk fengsel.

Foto: Qazi Rauf / Ap

Ein høgtståande polititenestemann, Mian Saeed, seier dette til nyheitsbyrået AFP:

– Ifølgje dei første opplysningane, så fyrte to væpna menn av mot bilen til Samiullah Afridi frå to sider. Begge to greidde å stikke av etter angrepet.

Tehrek-i-Talibanis talsmann i Pakistan, Ehsanullah Ehsan, seier til AFP i kveld at dei har teke livet av advokaten fordi han representerte legen som hjelpte USA med å finne Osama bin Laden. Han åtvarar om at dei vil drepe alle advokatar som gir juridisk hjelp til legen Shakeel Afridi.

Fleire militante islamistiske grupper har tidlegare trua med å drepe Samiullah Afridi. I fjor trekte han seg som advokat for Shakeel Afridi etter at det vart sett fram drapstruslar mot han, men drapstruslane vart ikkje trekte tilbake.

Fengsel i 33 år

Legen Shakeel Afridi vart i 2012 dømd til fengsel i 33 år for å ha kontakt med militante grupper. I fjor kutta ein akedomstol ti år av straffa hans. Mange meiner at den einaste grunnen til at han vart dømd, var at han hjelpte USA med å ta Osama bin Laden.

Osama bin Laden

Osama bin Laden vart drepen av amerikanske elitesoldatar i Abbottabad i Pakistan i mai 2011.

Foto: Ap

USA gjekk til aksjon mot heimen til Osama bin Laden i byen Abbottabad utan at pakistanske styresmakter var varsla på førehand. Dette skapte sinne i Pakistan at USA gjekk til ein væpna aksjon i landet utan løyve, og det har gått ut over forholdet mellom dei to landa.

Huset til Osama bin Laden låg berre eit steinkast frå eitt av dei største og viktigaste militærakademia i Pakistan.

Mannen som drepte bin Laden avslørt

– Bin Laden var lei av livet

Falskt vaksinasjonsprogram

Shakeel Afridi vart hyra inn av CIA for å gjennomføre eit falskt vaksinasjonsprogram i Abbottabad, slik at han kunne finne ut kvar Osama bin Laden heldt hus.

Ved hjelp av opplysningane frå Afridi visste dei amerikanske elitesoldatane akkurat kvar dei skulle slå til, og Al Qaida-leiaren vart drepen saman med fleire medarbeidarar denne mainatta i 2011.

Viser bin Laden-bilete til utvalde

– Lenge leve Osama bin Laden

USA kan ha teke med bin Laden-son

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt

Laster Twitter-innhold

14 åring arrestert for å danse på gaten i Saudi-Arabia

Tenåringen ble pågrepet for «umoralsk opptreden» etter at en video der han danser i gaten i Saudi-Arabia tok av på nettet.