Hopp til innhold

Terror-dømd imam ankar utlevering til USA

Den radikale islamisten Abu Hamza, kjend frå Finsbury Park-moskeen i London, har anka ei avgjerd i Menneskerettsdomstolen om at han kan utleverast til USA.

Abu Hamza al-Masri

Abu Hamza al-Masri har kjempa med nebb og klo mot utlevering til USA.

Foto: DYLAN MARTINEZ / REUTERS

Det var i april i år at Menneskerettsdomstolen i Strasbourg slo fast at det ikkje var i strid med imamen sine mennskerettar om han blir utlevert til USA. Det same gjaldt fire andre terrortiltalte. Dei fekk ein frist på tre månader på seg til å anke avgjerda. Ankefristen går ut tysdag, melder AFP.

Abu Hamza utanor Finsbury Park-moskeen i 2004.

Abu Hamza talar til tilhengjarane sine utanfor Finsbury Park-moskeen i 2004.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

I dag varsla advokaten til Abu Hamza at dei kjem til å anke avgjerda om utlevering til USA til overkammeret i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Oppmoda til valdsbruk

Abu Hamza al-Masri er 53 år gammal. Han er opprinneleg frå Egypt, men kom til London i 1979. Her var han imam i Finsbury Park-moskeen, der han heldt flammande talar med oppmoding til valdsbruk og heilag krig. I 2004 vart han arrestert av britisk politi.

Han vart i 2006 dømd til sju års fengsel for å ha oppmoda muslimar til å drepe ikkje-muslimar. Den britiske domstolen fann han skuldig i oppmoding til drap og for å ha spreidd rasehat, og for å ha hatt materiale som oppmoda til terrorisme

USA har bede om å få ha utlevert, fordi han der er tiltalt for å ha grunnlagt ein Al Qaida-inspirert treningsleir i delstaten Oregon.

LES OGSÅ: Terror-tiltale mot britisk imam

LES OGSÅ;

Kan få livstid i USA

Han er også skulda for å ha sendt pengar og rekruttert krigarar til Taliban og Al Qaida, og for å hjelpt ei gruppe i Jemen, som bortførde ei gruppe på 16 utanlandske turistar.

I USA vil han truleg få ein livstidsdom. Dette er årsaka til at han har kjempa med nebb og klo mot å bli utlevert dit.

Abu Hamza er kjend for å ha ein krok på den eine handa, og for å vere einøygd. Han heiter eigentleg Mustafa Kamel Mustafa, og han har vore rekna for å vere ein leiarfigur for radikale islamistar i Storbritannia

SISTE NYTT

Siste nytt