NRK Meny
Normal

Abbas: Semje om samlingsregjering

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas seier det er oppnådd semje med Hamas om ei ny samlingsregjering.

Abbas og Haniyeh i møte i Gaza by i dag.
Foto: PA / Scanpix/AP

Abbas seier han vil oppløyse den noverande regjeringa i løpet av 14 dagar og utnemne ein ny statsminister.

Ei høgtståande kjelde i Hamas seier at Ismail Haniyeh skal leie også den nye regjeringa.

Samstundes seier Hamas-talsmannen Sami Abu Zuhri at Hamas aldri kjem til å godkjenne staten Israel sin rett til å eksistere.

Uklart

Det er uklart kva Haniyeh og Abbas har blitt samde om på dette punktet

Mahmoud Abbas møtte journalistar i Gaza by.
Foto: Scanpix/AFP

Både Hamas og Fatah håpar at danninga av ei samlingsregjering vil få slutt på den internasjonale boikotten av den Hamas-dominerte palestinske sjølvstyreregjeringa. Dei internasjonale sanksjonane mot Hamas har ført til store økonomiske problem for det palestinske samfunnet.

Det har blant anna vore store problem med å betale ut lønningar til dei offentleg tilsette, noko som har ført til streikar, demonstrasjonar og uro i dei palestinske områda på Gazastripa og på Vestbreidda.

Abbas ba i dag om at dei offentleg tilsette som har streika dei siste ni dagane, om å vende tilbake til arbeidet

Sanksjonar

Både USA, EU og dei fleste andre vestlege land har nekta å ha noko med Hamas-regjeringa å gjere, før organisasjonen godkjenner staten Israel sin rett til å eksistere som sjølvstendig stat med trygge grenser.

Talsmann for det israelske utanriksdepartementet, Mark Regev, seier i ein kommentar at ei eventuell ny regjering må godkjenne Israel sin rett til å eksistere, ta avstand frå valdsbruk og sørgje for at ein israelsk soldat som vart bortførd på Gazastripa i juni i år, blir sett fri.

Tidlegare i dag sa statsminister Ismail Haniyeh, som er leiar for Hamas, at han venta semje om grunnlaget for ei samlingsregjering mellom Hamas og Fatah om kort tid.  

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt