Etter eit møte med Israels statsminister Benjamin Netanyahu i går sa USAs president Barack Obama at han håpar på direkte samtalar før 1. oktober i år.
Netanyahu seier han når som helst er klar til å møte den palestinske presidenten.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Grenser og tryggleik
Abbas seier at spørsmål om grenser og tryggleik må avklarast før det er aktuelt med nye samtalar.
- President Abbas krev framgang i forhandlingane om kjernespørsmål i dei indirekte samtalane før direkte samtalar kan starte, seier Abbas-talsmann nabil Adu Rudeina.
Palestinarane avslutta fredssamtalane med Israel i desember 2008, då Israel starta ein militær offensiv mot Hamas på Gazastripa. Det viktigaste kravet for å ta opp att direkte forhandlingar er at Israel må stanse all byggjeaktivitet i dei jødiske busetjingane på Vestbreidda.
I mai i år vart det starta indirekte samtalar med Israel med USAs spesialutsending til Midtausten, George Mitchell, som mellommann.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Førebels byggjestans
Israel har innført ein førebels byggjestans med utløp 1. oktober. Barack Obama seier at målet er at dei direkte samtalane skal takast opp igjen i god før denne datoen.
- Eg trur statsminister Netanyahu vil ha fred. Eg trur han vil ta sjansar for å oppnå fred, sa Obama etter samtalane med Netanyahu i går.
Benjamin Netanyahu sa etter samtalane at Israel vil setje i verk konkrete tiltak i nær framtid som kan gi framgang i fredsprosessen. Men han sa ikkje noko om kva tiltak det er snakk om.
Amerikanske styresmakter har sagt at det alt er gjort framsteg i dei indirekte samtalane med palestinarane, men ein palestinsk tenestemann seier at dei ikkje er kjende med eller informerte om slike framsteg.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: