Abbas godkjende ny regjering

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas har godkjend den nye regjeringa til statsminister Ismail Haniyeh.

President Mahmoud Abbas (t.h.) og statsminister Ismail Haniyeh er samde om ei ny regjering.
Foto: KHALIL HAMRA / AP

Det siste hinderet for semje var innanriksminister-posten. Valet fall til slutt på Hani al-Qawasmeh, som kjem frå ein toppjobb i adminstrasjonen i det same departementet.

Årsaka til at det har vore så vanskeleg å einast om ein ny innanriksminister er at innanriksdepartementet har kontrollen over politi- og tryggingsstyrkar.

Uavhengige

Også to andre viktige ministerpostar, utanriks og finans, går til personar som ikkje er direkte knytte til Fatah eller Hamas. Zia Abu Amr blir ny utanriksminister og Salam Fayyad blir finansminister.

 

Den nye palestinske innanriksministeren Hani Al-Qawasmi
Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Dei siste brikkene i samband med danninga av ei palestinsk samlingsregjering kom på plass i går kveld under eit møte mellom Abbas og Haniyeh. Håpet er at danninga av denne regjeringa skal føre til at den internasjonale boikotten av dei palestinske styresmaktene skal ta slutt.

Den endelege regjeringslista vart formelt presentert for Mahmoud Abbas i Gaza by litt før klokka 12 norsk tid. Regjeringslista blir lagt fram for den palestinske folkevalde forsamlinga i Ramallah til endeleg godkjenning førstkomande laurdag,

Avviser samarbeid

Den første offisielle israelske reaksjonen på den nye regjeringa er avvisande. Regjeringstalskvinne Miri Eisin seier i ettermiddag at det israelske synet ikkje er endra.

- Vi vil ikkje godkjenne eller ha noko med denne regjeringa å gjere, og vi ventar at det internasjonale også står fast på sin boikott så lenge den palestinske regjeringa ikkje godtek dei tre hovudprisippa, seier Eisin.

Ho refererer til dei tre vilkåra det internasjonale samfunnet har sett for samarbeid med den palestinske regjering. Å ta avstand frå valdsbruk, å godkjenne staten Israel og etterleve tidlegare avtalar mellom palestinarane og Israel.

I dag tidleg sa ein høgståande, man anonym israelsk tenestemann til AFP at Israel er viljug til å samarbeide med den nye regjeringa dersom ein israelsk soldat som vart kidnappa på Gazastripa i fjor sommar, blir sett fri.

Den israelske soldaten Gilad Shalit vart kidnappa av væpna palestinarar frå fleire ulike palestinske grupper, blant dei Hamas.

Ny uro

Trass i at statsminister Ismail Haniyeh og president Mahmoud Abbas vart samde etter samtalar i Gaza by i går kveld, braut det ut nye kampar mellom dei to rivaliserande gruppene Fatah og Hamas.

På den nordlege Gazastripa vart ni menneske skadde i væpna samanstøytar. Rundt 12 personar frå dei to grupperingane skal ha vorte kidnappa av den andre parten i løpet av natta.

Det har vore ein hard maktkamp mellom Fatah og Hamas sidan Hamas overraskande vann parlamentsvalet i dei palestinske områda i januar i fjor.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt