Mahmoud Abbas seier han godtek avskjedssøknaden til Qurie. Samstundes ber han om at alle partar respekterer valresultatet. Dermed er det ikkje lenger tvil om at Hamas har vunne ein knusande siger over det regjerande Fatah-partiet i valet på ny nasjonalforsamling i går.
Det endelege valresultatet er ikkje venta før klokka 18.
Ei kjelde i den offisielle valkommisjonen seier at Hamas blir største partiet i den nye nasjonalforsamlinga.
Reint fleirtal
Ismail Haniya, som toppa lista til den ytterleggåande organisasjonen, sa i dag tidleg at dei første resultata tyder på at Hamas vil få over 70 representantar i den nye nasjonalforsamlinga.
Hamas jhar gjort eit svært godt val i dei palestinske områda. (Foto: Ana Maria Borge Tveit/NRK)
- Vi fekk over 50 prosent av røystene. Det set oss i posisjon til å danne regjering, sa Haniya til journalistar i Gaza by.
Den offisielle valkommisjonen vil ikkje kommentere utspelet frå Haniya, og har sagt at det offisielle resultatet vil bli offentleggjort seinare.
Valdagsmålinga i går tyda på at det regjerande Fatah-partiet ville få fleire plassar i nasjonalforsamlinga enn Hamas, men at Hamas har gjort eit svært godt val.
Vil snakke med Abbas
Ismail Haniya seier at Hamas vil forhandle med president Mahmoud Abbas og dei andre partia i nasjonalforsamlinga, om danninga av ei ny regjering.
Han ber samstundes USA om å respektere resultatet frå det palestinske valet, som han seier er eit uttrykk for viljen til det palestinske folket.
Den noverande palestinske forhandlingsleiarenSaeb Erekat, ein høgtståande Fatah-medlem, seier på si side at det ikkje blir snakk om å danne regjering saman med Hamas.
Terror
Om resultatet blir slik Hamas no seier, fører det til ein svært uforutseieleg situasjon i dei palestinske områda. Hamas godkjenner ikkje Israel sin rett til å eksistere som stat, og har stått bak svært mange terroraksjonar mot israelske sivile dei siste åra.
Israel vil ikkje kunne samarbeide med eller forhandle med Hamas. Også USA har sagt at dei ikkje kan ha noko med Hamas å gjere, før organisasjonen endrar synet sitt på Israel.
Også EU krev ei endring i synet på Israel før dei vil samarbeide med Hamas.
Jordskjelv
NRKs korrespondent i Midtausten, Odd Karsten Tveit, kallar det som har skjedd for et politisk jordskjelv, eitt av dei støreste politiske jordskjelva i Midtausten dei siste åra.
Det har blitt ein heilt ny politisk situasjon, seier han.