Hopp til innhold

Abaaoud skal ha spelt ei aktiv rolle i angrepet

Fingeravtrykka til den omtala «hjernen bak» angrepa i Paris er funne på ein av kalasjnikovane som skal ha vorte brukt i angrepa mot restaurantar og barar i sentrum, melder AFP.

 Abdelhamid Abaaoud

SKAL HA DELTATT I ANGREPET: Abdelhamid har vore mistenkt for å ha vore hjernen bak angrepa i Paris. Han døydde i ein politiaksjon mot leilegheita i Saint-Denis der han vart funnen onsdag.

Foto: Uncredited / Ap

Abdelhamid Abaaoud er belgiaren som er mistenkt for å ha vore den som står bak planlegginga av angrepa som tok livet av 130 personar i Paris førre fredag. Han døydde onsdag då politiet aksjonerte mot ein bygning i forstaden Saint-Denis som skal vere ein av tre tilhaldsstader for terroristane.

Etter kvart har det kome fram at Abaaoud har vore meir aktiv i Paris-angrepet enn ein først trudde. I tillegg til at fingeravtrykka hans skal ha vore funne på eit av våpena som vart brukt i angrepet, skal han ha køyrt bilen som vart funne med fleire våpen i Montreuil, ifølge fransk politi. Han har også vorte observert av eit overvakingskamera på ein metrostasjon i nærleiken.

Etterforskar familiemedlemer

Umiddelbart etter angrepet skal ein ha trudd at Abaaoud var i Syria, der han skal ha slutta seg til IS. Fransk etterretning hadde ingen informasjon som tyda på at han skulle vere i Frankrike i forkant av angrepet.

I leilegheita i Saint-Denis var også det som ein trur er kusina hans, Hasna Ait Boulahcen. Begge døydde i aksjonen, i tillegg til ein tredje mann som sprengde seg sjølv. Åtte personar vart arresterte, men skal no vere slept fri med unntak av eigaren av leilegheita som framleis er i varetekt, ifølge nyhendebyrået AFP.

FRANCE-ATTACKS-POLICE

AKSJONERTE I SAINT-DENIS: Onsdag gjekk over hundre politimenn og soldatar til aksjon mot ei leilegheit i Saint-Denis utanfor Paris. Her fann dei fleire av dei terrorinvolverte. Tre døde og åtte vart arresterte.

Foto: Francis Pellier / Afp

Det belgiske politiet skal vere på jakt etter eit familiemedlem av Boulahcen. Abaaoud sin yngre bror, Yassine, skal vere pågripen i Marokko sist månad, og er framleis i fengsel der, melder Reuters.

Minst to angriparar registrert i Hellas

To av dei tre angriparane som sprengde seg sjølv ved Stade de France skal ha reist gjennom Hellas i skjul av å vere flyktningar, sa franske påtalemyndigheiter fredag. Det er funne identiske fingeravtrykk med dei to registrert på den greske øya Leros 3. oktober.

Etter angrepet vart eit syrisk pass funne ved sidan av ein av angriparane, tilhøyrande ein Ahmad al-Mohammad, men det var ikkje klart om passet høyrde til den døde angriparen. al-Mohammad skal også ha kome til Leros i ein flyktningbåt frå Tyrkia.

Laurdag melder tyrkiske myndigheiter at dei skal ha arrestere ein belgisk statsborgar som skal vere knytt til terrorangrepet i Paris, melder AFP. 26 år gamle Ahmet Dahmani vart pågripen i eit luksushotell i kystbyen Antalya. To syrarar er arresterte i nærleiken mistenkt for å skulle hjelpe Dahmani over grensa.

SISTE NYTT

Siste nytt