NRK Meny
Normal

Profilert amerikansk krigsreporter drepen i Syria

Den erfarne amerikanske krigsreporteren Marie Colvin og ein fransk fotograf er drepne i eit granatåtak i den syriske byen Homs onsdag.

Marie Colvin

Den amerikanske journalisten og krigskorrespondenten Marie Colvin vart drepen i Syria onsdag, då ho rapporterte om uroa i landet til den britiske avisa Sunday Times.

Foto: ROTA / Camera Press

– Dei to vart drepne då ein granat trefte eit provisorisk mediesenter som regimekritiske aktivistar hadde sett opp i Baba Amr-distriktet, seier aktivisten Omar Shaker til AFP.

Den eine av dei drepne er den profilerte amerikanske krigskorrespondenten Marie Colvin, som jobba for den britiske avisa Sunday Times. Det andre offeret er den franske fotografen Remi Ochlik, melder fleire nyheitsbyrå.

Nasjonale styresmakter har ikkje stadfesta nasjonalitetane til dei to drepne journalistane.

Mista auga under oppdrag i Sri Lanka

Syria har nærmast vore hermetisk lukka for omverda, og det har vore vanskeleg for mediaktørar rundt om i verda å få verifisert opplysningar om massedrap og tortur.

Colvin skal ha vore den einaste journalisten i Syria som rapporterte til britiske media. For berre tre dagar sidan skreiv den amerikanske journalisten heim om innbyggjarane i Homs som fryktar ein massakre.

Korrespondenten har vunne fleire prisar for sitt journalistiske virke. I 2001 mista ho synet på det eine auge etter at ho hamna i skotlinja mellom regjeringsstyrkar og Tamiltigrar i Sri Lanka.

Colvin har medverka i dokumentaren «Bearing Witness» frå 2005, som handlar om kvinnelege journalistar i krigsområde.

Marie Colvin på sjukehus i Sri Lanka i 2001

Den drepne reporteren Marie Colvin på eit feltsjukehus i Sri Lanka like etter at ho vart råka av ein granat i 2001.

Foto: AP

Ikkje norske journalistar i Syria

Ein tredje journalist skal ha vorte såra i åtaket i Homs onsdag, melder Al Jazeera, som følgjer uroa i Syria tett via livebloggen sin.

Etter det Den norske ambassaden i Syria kjenner til, er det for øyeblikket ingen norske journalistar i Syria, oppslyser Utanriksdepartementet til NRK.

I opprørsbyen Homs har motstandarane samla seg i kampen mot regjeringsstyrkane Free Syrian Arny (FSA). Assad-regimet har no starta ein blodig offensiv mot opposisjonen i Homs.

Medier som har journalistar i området rapporterer at minst 5000 soldatar no er stasjonerte i utkanten av byen, klare til å rykkja inn på kort varsel.

Seinast i går vart 27 sivile drepne av regjeringsstyrkane i Homs, ifølgje menneskerettsgrupper.

7636 menneske skal vera drepne i Syria sidan uroa starta i mars i fjor. Opprørarane krev at president Bashar al-Assad går av, etter at han og familien har styrt Syria på brutalt vis i 42 år.

Krev presidenten sin avgang

Frankrike bad den syriske regjeringa umiddelbart om å stanse angrepa på Homs onsdag for å sleppe til medisinsk hjelp til byen etter at dei to journalistane vart drepne.

– Eg har spurd vår ambassadør til Damaskus om å krevje ein sikker gang for Raude Krossen til ofra, sa Utanriksminister Alain Juppe.

Opposisjonen i landet har tidlegare kravd at Russland må tvinge Syria til å opne ein slik humanitær gang, men Russland er imot.

Syria, Homs

Mange vart drepne då syriske regjeringsstyrkar bomba Homs i går.

Foto: - / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt