Hopp til innhold

«Verdens verste menneske» på Oscar-kortlista: – Ei kul liste å vere på!

Joachim Triers film «Verdens verste menneske» held fram å sanke heider. No er filmen på lista over filmar som kan vinne den mest prestisjetunge filmprisen av alle.

Renate Reinsve med prisen som beste skuespillerinne på Cannes-festivalen 2021

Renate Reinsve fekk prisen som beste kvinnelege skodespelar på Cannes-festivalen 2021. No er filmen med i Oscar-konkurransen.

Foto: SARAH MEYSSONNIER / Reuters

Det er bransjebladet melder Variety som melder dette.

Filmen er på lista over internasjonale filmar. Den danske filmen «Flukt» av regissøren Jonas Poher Rasmussen har sikra seg ein plass på den ettertrakta lista.

Filmskaparen er glad for at «Verdens verste menneske» er eit nytt steg er nærare å bli første norske filmen som får Oscar-statuetten.

Ei kul liste!

Det ei kul liste å vere på, så det er vi takksame for, seier Joachim Trier.

Han seier det har vore mykje merksemd rundt filmen den siste tida i internasjonale medium, og at han har kjent på forventningspresset.

Ikkje for å vere arrogant eller noko sånt, men eg er letta. Ein skal jo aldri rekne med noko som helst, men vi låg godt an, og eg veldig glad det faktisk skjedde.

Joachim Trier

Joachim Trier er letta over at filmen er eit steg nærare å kunne vinne Oscar.

Foto: NRK

Filmen har vore vist på ei rad internasjonale filmfestivalar, men filmen ikkje har hatt offisiell premiere i USA enno.

Har vist seg fram

Han fortel at han og hovudrolleinnehavar Renate Reinsve har vore i USA ganske mykje i det siste. Dei har mellom anna vist fram filmen til Oscar-akademiet, bransjefolk og til filmkritikarar.

Det er ikkje meir som skal til enn at nok folk i Oscar-akademiet liker filmen, og at dei har stemt han fram på kortlista til Oscar. Det er litt kult å få eit klapp på skuldra, seier han.

Trier seier det er viktig å presisere at filmen ikkje er endeleg nominert enno, men no er lista over konkurrentar korta ned til 15. Kven som blir nominert får vi vite 8.i februar. Sjølve Oscar-utdelinga skjer 27. mars.

Så langt veit vi at filmen skal konkurrere mot mellom andre danske «Flukt», og finske «Sovekupé nr. 6» og islandske «Dýrið» (på norsk «Dyret»). Cannes-vinnaren «Titane» er utelaten frå lista.

Dette er andre året på rad at ein norsk film er på Oscar-kortlista i kategorien beste internasjonale spelefilm. I fjor var det Maria Sødahls «Håp» som var det norske bidraget.

Vi tar ingenting på forskot – uansett kult å komme så langt, seier Trier til NRK.

Strålande kritikkar

Filmen har hausta gode internasjonale kritikkar. Under filmfestivalen i Cannes vann hovudrolleinnehavar Renate Reinsve prisen for beste kvinnelege skodespelar.

Renate Reinsve

Renate Reinsve spelar hovudpersonen Julie som slit med kjærleikslivet.

Foto: SF Studios / Oslo Pictures

Ho spelar Julie i «Verdens verste menneske». Julie er snart 30 år, har mange talent, men få resultat og føler seg meir og meir som ei birolle i sitt eige liv.

I Noreg har filmen hatt fine besøkstal på kinoane etter premieren 25. oktober. Trier er takksam for det.

– Vi har vore supernervøse for at covid hadde gjort at folk ikkje turte å gå på kino eller ikkje syns det var ein del av kvardagsvanane, men det har ikkje vore tilfelle.

Filmen har fått svært gode kritikkar. Dagsavisen, Klassekampen, God Morgen Noreg og Filmpolitiet har gitt «Verdens verste menneske» terningkast 6. Dagbladet, VG, Aftenposten, Adresseavisen og Bergens Tidende har trilla terningkast 5.

Filmen har allereie vunne fleire internasjonale prisar.

Ein av Obamas favorittar

Filmen er til no sett av over 200.000 på kino i Noreg og av om lag like mange i Frankrike, opplyser Norsk filminstitutt i ein pressemelding.

I tillegg trekte tidlegare president i USA Barack Obama i førre veka fram filmen på Twitter som ein av sine favorittar frå dette året.

– Når Obama annonserer den på Twitter som ein av sine favorittfilmar av året, må ein klype seg i armen. Å komme på kortlista til Oscar er i seg sjølv ein siger. Når dette skjer i år, seier det noko om nivået vi har oppnådd i norsk film. La oss håpe at vi og blir å finne på den endelege lista over dei nominerte i februar, seier Thomas Robsahm, produsent for filmen, til NTB.

SISTE NYTT

Siste nytt