Hopp til innhold

"Tulleparti" vann valet i Reykjavik

«Tullepartiet» Det beste partiet, leidd av ein komikar, vart største parti i valet på nytt bystyre i den islandske hovudstaden Reykjavik.

Kommikaren Jon Gnarr blir ny ordførar i Reykjavik

Komikaren jon Gnarr blir ny ordførar i Reykjavik.

Foto: RUV

Statsminister på Island, Johanna Sigurdardottir.

Statsminister Johanna Sigurdardottir er overraska over resultatet.

Foto: GEORGES GOBET / Scanpix/AFP

Partiet gjekk til val på lovnader om gratis handkle i symjehallane, isbjørn til dyreparken og oppreinsking i politikken. Eit anna punkt i programmet er å høyre meir på kvinner og eldre.

Besti Flokkurinn, som partiet heiter på islandsk, fekk 34,7 pst av røystene, og leiaren Jon Gnarr blir mest sannsynleg ny ordførar.

Det vart eit sjokktap for dei tradisjonelle islandske partia, og islandkske kommentatorar seier folket har peika nase til dei tradisjonelle politikarane.

LES OGSÅ: 14,2 milliarder i lån til Island

LES OGSÅ: Island får nytt lån fra IMF

Protestval

Analytikarar seier valet var ein protest mot partia som førde Island inn i den djupe økonomiske krisa.

- Eg har aldri opplevd noko liknande, seier Olafur Hardarsson, professor i politikk ved Universitetet i Reykjavik til den islandske kringkastinga RUV.

- Eg trur vi må sjå på dette valet som ein protest mot tradisjonelle politikarar, mot dei politiske partia og mot dei politiske realitetane landet opplever, legg han til.

Han seier at politikarane på Island bør ta denne uventa sigeren, og det faktum at fem prosent røysta blankt, svært alvorleg.

- Gjere noko vakkert

Partileiaren Jon Gnarr sa det slik etter at resultatet vart klart:

- Ballen er hos oss no. Eg skal berre sjå nøye på han, tenkje meg om, og så gjere noko vakkert med han, seier han til RUV. Og han legg til:

- Ingen treng å bli redd for Det beste partiet, fordi vi er best. Og vi vil gjere berre det beste, for om vi ikkje gjorde det, så ville vi kalla oss Det verste partiet eller Det dårlege partiet.

Marknadsføringa har partiet blant anna gjort på You Tube, til musikk av Tina Turners hitlåt «Simply the best».

Sjå kampanjevideoen til Det beste partiet

Blant partimedlemene er ein tidlegare medlem av popgruppa Sugarcubes, ei husmor og ein arkitekt, ingen av dei har politisk erfaring.

- Mot slutten

Islands statsminister Johanna Sigurdadottir sa seint i går kveld at dersom Det beste partiet vann valet, kunne det vere eit signal om at det går mot slutten for det tradisjonelle firepartisystemet på Island.

Albert Einarsson er redaktør for islandsk.no

Albert Einarsson er redaktør for islandsk.no

Foto: Islandsk.no

- Vi ser ei endring på Island som vil få store verknader for politikken i framtida, sa ho blant anna.

Ved valet i Reykjavik fekk Det beste partiet 34,7 prosent av røystene, det konservative Sjølvstendepartiet fekk 33,6 pst, medan regjeringspartia, Den sosialdemokratiske allianse og Det grøne venstre fekk 19,1 prosent og 7,1 prosent.

Politisk jordskjelv

Albert Einarsson, islending busett i Noreg og redaktør for nettstaden Islandsk.no, meiner det er rett å kalle det som har skjedd ved lokalvalet på Island for eit politisk jordskjelv.

Islandsk.no: Det politisk systemet er knust

Han kan fortelje at det ikkje berre var i Reykjavik at nye aktørar vann. I Akureyri fekk ei liste som kallar seg Folkests liste 45 prosent av røystene, og i ein nabokommune fekk eit parti som kallar seg Det nest beste partiet inn ein representant i kommunestyret.

Einarsson har inntrykk av at Det beste partiet starta som eit reint tulleparti, men at dei etter kvart har vorte litt meir seriøse. Men dei har berre 13 punkt i partiprogrammet, og det blir ikkje lett for dei når dette skal meislast ut i praktisk politikk i bystyret i Reykjavik.

- Det blir ikkje lett for dei tradisjonelle partia å samarbeide med eit parti som eigentleg ikkje har nokon politikk, slik dei definerer politikk, seier Einarsson.

Han samanliknar partileiaren Jon Gnarr sin posisjon på Island med posisjonen Harald Eia og Bård Tufte Johansen har her i landet.

LES OGSÅ: Stortinget støtter Island

LES OGSÅ: - Skandinavia sviktet Island

LES OGSÅ: Demonstrerte med kasseroller


SISTE NYTT

Siste nytt