Røyrleidningen er planlagt gjennom den vestirske byen Rossport, noko som har ført til sterke protestar blant innbyggjarane i den vesle byen.
Fryktar utslepp
Innbyggjarane fryktar at eit utslepp frå gassleidningen skal føre til stor skade på lokalmiljøet.
Konflikten vart trappa opp i juni i år. Dei som seinare har fått namnet "The Rossport 5" vart fengsla, etter at dei hadde hindra anleggsarbeidet. Grunngjevinga for fengslinga var at dei viste forakt for retten, fordi dei ikkje retta seg etter ei forordning om ikkje å hindre anleggsarbeidet.
Gassleidninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Statoil og det nederlandske oljeselskapet Shell. Leidningen skal føre gass frå kysten til eit raffineri ni kilometer inne i landet.
Pause
Shell og Statoil har seinare teke ein pause i arbeidet, for å få tid til ei ny vurdering av tryggleiken. Heile prosjektet er kostnadsutrekna til 900 millionar euro, 7,2 milliardar norske kroner.
Shell og Statoil satsar no på at dette skal få i gang ein ny dialog med innbyggjarane i Rossport.
Vincent McGrath, ein av dei fem som vart sette fri i dag, sa at protesten vil halde fram så lenge det er naudsynt, men at han vonar at ei offentleg gransking av saka vil konkludere med at leidningen er lagt alfor nær private heimar.
Tryggleik
- Vi er fri, fri til halde fram protesten, sa han til det statlege fjernsynet RTE då han kom ut av fengselet.
- Vi kan ikkje endre syn. Dette handlar om tryggleik, og det har det gjort heile tida, sa han.
(NRK-Reuters)

Rettferd for "The Rossport 5" står det på dette banneret. (NRK-foto)

Ein del av den omstridde gassrøyrleidningen.