I ein artikkel i New York Times i dag skriv rockesuperstjerna Bruce Springsteen saman med fleire andre artistar under på eit opprop om kor viktig det er at George W. Bush ikkje blir attvald i november. Dei har gått saman i
organisjonen "Vote for Change".
- Eg kunne ikkje ha skrive den musikken eg har skrive, og sunge og det eg har sunge om dei siste 25 åra, utan å ta del i akkurat denne valkampanjen, seier Bruce Springsteen.
- Det er mange av oss som tidlegare har halde oss utanfor partipolitikk, som ikkje lenger kan sitje på gjerdet. No vil eg og mange med meg støtte John Kerry og Det demokratiske partiet i valkampen, heiter det i oppropet frå "Vote for Change".
Dei går hardt ut mot det han kallar den unødvendige krigen i Irak, og mot den urettferdige skattepolitikken til Bush-administrasjonen. Dei lovar å delta i fleire støttekonsertar for Kerry i tida fram til valet i november.
- Vi trur ikkje John Kerry og John Edwards har alle svara. Men vi trur dei på ærleg vis er klare til å stille dei rette spørsmåla, og å arbeide seg fram til ærlege løysingar, skriv Springsteen og dei andre artistane blant anna.
- Dei forstår at vi treng ein administrasjon som prioriterer rettferd, openheit, audmjuke, omsorg for alle amerikanske borgarar, mot og tru, heiter det i oppropet.
I oktober blir det arrangert fleire store konsertar med artistar som støttar John Kerry. Ved sidan av Springsteen vil blant andre desse artistane delta: The Dixie Chicks, Pearl Jam. R.E.M., Dave Matthews Band, James Taylor, John Mellencamp og John Fogerty.