– Kvifor har nasjonar monument over historiske personar, spør statsministeren i Makedonia, Nikola Gruevski. Det er difor vi puttar statuer i Makedonia også, seier han til NRK.
Kritikarane meiner byen kunne vore utan 20 nye praktbygg og 40 statuer av historiske personar frå antikken til moderne tid.
Det er for dyrt, det er for vulgært, det er eit forsøk på å vende fokuset vekk frå dei økonomiske og politiske problema som plagar landet, meiner kritikarane, ifølgje bloggen Balkan Insight.
Men kritikken prellar av statsminister Nikola Gruevski, som seier at den unge staten treng hus til offentleg tilsette og at hovudstaden treng eit estetisk løft etter jordskjelvet i 1963. Og landet treng merksemd frå resten av Europa.
– Vi har laga ei god atmosfære for turistar, fortel Gruevski. Mange turistar kjem for å sjå, dei tek bilder, det fungerer godt. Bygningane er i ulike stilartar, nokon er barokke andre i klassisk stil. Mange slike bygningar vart øydelagde i 1963, so byen ser betre ut enn den gjorde før, seier han.
Terroristar på heidersplass
Langs elva Vardar står "båtgjengen frå Thessaloniki" på heidersplass. Det er seriøse karar i hatt og frakk, med kofferten full av tidsinnstilt TNT. Ein av figurane sjekkar klokka. Dei fekk kallenamnet etter at dei sprengde i lufta den franske passasjerbåten «Guadalquivir» i 1903.
Anarkistane arbeidde for den internasjonale revolusjonære makedonske rørsla, som har fått brorparten av monumenta i prosjektet som blir kalla« Skopje 2014.» Den konservative regjeringa i Makedonia er den politiske etterfølgjaren til den revolusjonære rørsla.
Eit anna kontroversielt monument er det over politifolk og militære som døydde i den korte krigen mot den albanske minoriteten i 2001.
Men Skopje feirar heltar frå alle tidsaldrar og religionar. Også den albanske minoriteten har fått reise sine monument. Som den albanske folkehelten Skenderbeg. Og det kjem snart ei gigastatue av fredsprisvinnar «Moder Teresa», som var albansk katolikk.
Frå nyare tid er kommunisten og den første presidenten i uavhengige Makedonia på 90-talet, Kiro Gligorov, foreviga.
Saman med klassiske komponistar står den populære smørsongaren Tose Proeski, som døydde i 2007, i vant positur langs Vardar.
Slik er dei fleste religionar, politiske retningar og musikalske sjangrar sett på sokkel i Skopje. Og viser mangfaldet som finnes i det vesle landet med om lag 2 millionar innbyggarar.
Aleksander den Store
Er ei gigantisk statue som har ført til ramaskrik i Hellas. Makedonia kranglar med nabolandet Hellas om kven som er dei ekte etterkommarane til Aleksander den Store. Og kven som har rett til å kalle seg Makedonia og makedonarar. Striden har ført til gresk veto mot makedonsk NATO og EU søknad.
Makedonia får kritikk frå internasjonale diplomatar, som meiner "Skopje 2014" provoserer unødvendig. Og det at USAs utanriksminister, Hillary Clinton, ikkje besøkte Skopje då ho var på rundreise i Balkan, blir sett på som eit teikn på kva amerikanarane syns om dei mange monumenta som no reiser seg i Skopje.
Men som om ikkje den 22 meter høg bronsestatuen av Aleksander var nok, reiste makedonarane like godt ei nesten like stor statue av faren, Filip av Makedon. Flyplassen og motorvegen til Hellas vart omdøypt til Aleksander den Store i same slengen.
Analytikarar meiner byggeaktiviteten i Skopje viser kor fastlåst krangelen med Hellas er.
Frå Japan til antikken
Etter jordskjelvet i 1963 låg Skopje i grus. Japanske arkitektar vart hyra inn for å bygge ein futuristisk by for framtida. Dei fleste i Skopje som NRK har snakka med, syns det er betre å bygge i klassisk stil. For moderne bygg blir stygge med tida, klassiske bygg eldast som fin makedonsk vin.
Men kritikarane meiner det er sløseri for eit fattig land som Makedonia å bruke pengar på eit so grandiost prosjekt. Dei meiner regjeringa med bygningar prøvar å maskere at landet ikkje har lukkast med å bli medlem av NATO og EU.
Heile gildet kostar ifølgje regjeringa 80 millionar Euro. Tøv! hevdar opposisjonen som meiner prislappen er nærare 500 millionar Euro. Statsminister Nikola Gruevski på si side, trur staten vil spare pengar på prosjektet.
– Vi bygger nye kontor og departement, fortel Gruevski. Før måtte vi leige og det var dyrt. No slepp vi å betale leige.
Og for mange makedonarar er viktig nasjonsbygging å lage ein ny hovudstad. Det er første gong i moderne tid at Skopje fungerer som hovudstad. Tidlegare låg Makedonia under Jugoslavia og Osmannerriket.
– Vi bygger statuane av viktige historiske figurar no, fordi under kommunismen, under Jugoslavia, var det ikkje lov å bygge slike statuer, seier Gruevski.
So det blir for enkelt å avfeie Skopje 2014 som kitsch. No kan berre historia dømme den nye hovudstaden.