Hopp til innhold

«Svart enkje» slo til i Kaukasus

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein kvinneleg sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta i Dagestan i Kaukasus-regionen i Russland laurdag.

Minst 11 personar vart såra i åtaket laurdag, opplyser lokalt politi ifølgje nyheitsbyrået AP.

Kvinna detonerte sprengstoffet ho hadde festa til eit belte rundt livet midt i sentrum av provinshovudstaden Makhachkala.

Dei svarte enkjene

Terroråtak i Dagestan

Eksplosjonen i sentrum av Makhachkala i Dagestan den 20. mai blei fanga opp på kamera. Fem dagar etter den dødelege terroren, slår ei svart enkje til på same staden.

Foto: Ap

Åtaket skjer berre fem dagar etter at åtte personar vart drepne av bilbomber i same by.

Sidan år 2000 har fleire titals kvinnelege sjølvmordsbombarar gjennomført terroråtak mot russiske byar og om bord på tog og i fly.

Dei fleste av desse kvinnelege terroristane kjem frå den urolege Kaukasus-regionen.

I Russland blir dei kalla «svarte enkjer» fordi mange av dei er ektefellene eller slektningane til militante opprørarar som er drepne i kampar med russiske tryggingsstyrkar.

Kvinna bak laurdagens åtak er no identifisert. Ho var ei enkje etter to militante islamistar som blei drepne i 2009 og i 2012, opplyser talsperson for politet Fatina Ubaidatova.

Valdelegaste provinsen

Situasjonen i Dagestan har mange likheitstrekk med forholda i naborepublikken Tsjetjenia, med vedvarande uro og kampar mellom væpna grupper og islamistiske opprørarar.

Dagestan er no den mest valdelege provinsen i Nord-Kaukasus, ifølgje Reuters.

Opprørarane kjempar for danninga av ein sjølvstendig islamistisk stat, og i fjor blei minst 405 menneske drepne som følgje av kampane.

SISTE NYTT

Siste nytt