NRK Meny
Normal

«Super-Mario» får økonomipris

Italias statsminister Mario Monti får i dag tysk pris for godt økonomisk leiarskap. Austerrikes finansminister antyda derimot at Italia kan vere neste på lista til å trenge ein økonomisk redningspakke.

Italias statsminister Mario Monti

FÅR BÅDE RIS OG ROS: Italias statsminister Mario Monti meiner det er tull at Italia vil trenge ein økonomisk redningspakke som mellom anna Spania og Hellas har måtta be om.

Foto: Mauro Scrobogna / Ap

Maria Fekter

KRITISK TIL ITALIAS ØKONOMI: Austerrikes finansminister Maria Fekter antyda at Italia kanskje var neste land som måtte stupe ut i eurokrisa.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

– Heilt upassande, sa Mario Monti då han på ein pressekonferanse tysdag kommenterte den austerrikske finansministeren Maria Fekters profeti om den italienske økonomien.

Det var òg det einaste Monti sa. Han meinte utspelet ikkje var verdt å kommentere vidare, og sa at eit EU-medlem ikkje bør uttale seg på den måten om eit anna EU-medlem. Seinare på dagen var han derimot skråsikker:

– Italia vil aldri, ikkje eingong i framtida, trenge hjelp frå EUs stabiliseringsfond, sa Monti til den tyske radiostasjonen ARD då.

Det var måndag Fekter kom med sin diagnose over den italienske økonomien, og ho grunngav sitt syn med Italias høge låneutgifter. Tysdag måtte ho moderere seg, men skaden var allereie skjedd: eit surna forhold mellom Italia og Austerrike, og investorar har allereie uttrykt frykt over Italias økonomiske framtid.

«Super-Mario» får økonomisk pris

Tysklands finansminister Wolfgang Schaeuble

STØTTAR MONTI: Italias statsminister er ein respektert leiar og økonom. No får han òg støtte frå Tysklands finansminister Wolfgang Shäuble.

Foto: TOMAS BRAVO / Reuters

– Dersom Italia held seg til den planen som Monti har staka ut, så vil dei ikkje vere i fare, seier Wolfgang Shäuble, den tyske finansministeren.

Dermed får Monti den støtta han treng for å halde fram med sitt prosjekt. Han vert òg heidra med ein tysk pris onsdag, og tek imot han grunna sitt ansvarlege leiarskap i Italia. Det er European School of Management and Technology som deler ut prisen.

Monti er utdanna økonom og ein respektert leiar. Han fekk kallenamnet «Super-Mario» etter hans periode som EU-kommisjonær.

Og sjølv om Monti er bastant i sine utsegn om moglege kriseutsikter, så vedgår han at Italias økonomi ikkje er ideell. Ei høg rente er særleg eit punkt som Italias statsminister må hanskast med. Monti åtvarar derimot å sjå på Italia gjennom gamle klisjear og fordomar.

– Eg forstår at Italia tidlegare er vorte assosiert med eit bilete av eit udisiplinert land. Men i dag er Italia meir disiplinert enn mange av sine europeiske naboar, seier «Super-Mario» Monti.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt