Bercow har som «speaker» rett til å nekte ein utanlandsk statsleiar å tale i parlamentet, og i ein tale i Underhuset i dag sa han at det å halde tale der skal vere ei ære ein har gjort seg fortent til, og at det ikkje er ein automatisk rett.
Bercow sa at han også før Trump innførte sitt omstridde innreiseforbod for menneske frå sju islamske land, var motstandar av at Trump skulle få tale i Westminster Hall.
Innreiseforbod
– Etter
har eg blitt endå sterkare motstandar av at den amerikanske presidenten skal få tale i parlamentet, sa han blant anna.Storbritannias statsminister Theresa May møtte sist veke Donald Trump i Det kvite hus, og det var då ho inviterte den nyvalde presidenten til eit statsbesøk i landet.
– Vi set pris på forholdet vårt til USA, og det er ikkje opp til meg å avgjere om invitasjon til eit statsbesøk. Men når det gjeld dette huset, så meiner eg svært sterkt at vår motstand mot rasisme og sexisme, og trua vår på likskap for lova og for uavhengige domstolar, er svært viktige verdiar for Underhuset, sa John Bercow.
VIDEO: London-korrespondent om Bercows utspel.
Ros frå Labour
Labour-leiaren Jeremy Corbyn rosa Bercow for talen, medan UKIP-leiaren Nigel Farage ikkje var like nøgd. Han sa at ein «speaker» skal vere nøytral. Leiaren for Det liberaldemokratiske partiet Tim Farron er heilt samd med Bercow.
Det er ikkje sett nokon dato for statsbesøket, og det har heller ikkje kome ein formell førespurnad frå Trump om å tale i parlamentet.
I løpet av dei siste åra har Colombias president Juan Manuel Santos og Kinas president Xi Jinping talt til både Under- og Overhuset i det britiske parlamentet under sine statsbesøk i Storbritannia. Også Barack Obama og Angela Merkel har gjort det.
Viktig maktposisjon
Rolla som «speaker» i det britiske parlamentet er ein viktig maktposisjon i britisk politikk, og embetet kan samanliknast med stortingspresidenten her i landet. Men i Storbritannia er rolla endå meir heva over partipolitikken.
John Bercow (%¤) har vore «speaker» sidan 2009. Før det var han representant for Det konservative partiet, men han har ofte vore på kant med sitt eige parti. For nokre år sidan gjekk det blant anna rykte om at han hadde tenkt å melde seg inn i Labour, men dette skjedde aldri.